Sommarvikariat - cand.med/ medisinstudent med lisens
Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. des. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Psykiatrisk klinikk søkjer cand.med. til sommaren 2027. Arbeidsperioden er 21.06.2026-15.08.2027.
Medisinstudentar med lisens er velkomne til å søkje.
Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, og har i tillegg sentralsjukehusoppgåver innan akuttpsykiatri, vaksenhabilitering, lokal sikkerheitspost og ambulant sikkerheitsteam. Klinikken har 18 faste legestillingar og tek imot LIS1 og medisinstudentar vår og haust.
Nyttig informasjon ved jobbsøking til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF
ArbeidsoppgåverDelta i utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar med rettleiing frå overlege
Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
Ein må rekne med å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege
Medisinstudentar med lisens er velkomne til å søkje.
Gode språkkunnskapar i norsk, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
Søkjar må ha førerkort i klasse B
Personlege eigenskaparDu har motivasjon og interesse for fagfeltet
Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyrLøn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Godt utbygde IT tenester. Vi brukar pasientsystemet Dips.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonSigmund Erling Bjørhovde, Seksjonsleiar Legar PSK, (+47) 900 37 348
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5200691642
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.12.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.