Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Helgestillingar og tilkallingsvikar i heimetenesta

Hareid kommune, Eining for heimetenester

Arbeidssted
HAREID, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
30. sep. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
4

Stillingsdetaljer

Er du sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, student innan relevant fagområde, eller ufaglært med interesse for helse- og omsorgsarbeid? Då kan du vere den vi leitar etter. Vi søkjer tilkallingsvikarar som også kan jobbe kvar tredje helg i heimetenesta. I tillegg til helgestillinga kan det også vere aktuelt med vakter på dag og kveld, måndag til søndag, for å dekke både akutt og planlagt fråvær i eininga. Vi ønskjer også at du har moglegheit til å jobbe i feriar og høgtider. Vi ønskjer oss medarbeidarar med gode norskkunnskapar, som er trygge i rolla si og motivert for å gjere ein forskjell. Du må kunne ivareta brukarane våre på ein fagleg og omsorgsfull måte, og bidra til tenester av høg kvalitet. Gode samarbeidsevner, arbeidskapasitet, samt ei løysingsorientert og nytenkjande tilnærming er viktige eigenskapar. Heimebaserte tenester er ei døgnkontinuerleg teneste for personar som bur heime og har behov for nødvendig helsehjelp. Arbeidsoppgåverstelle/pleie etter oppsette arbeidsplanar, eller etter delegering frå ansvarshavande på vakt gi forsvarleg omsorg/pleie til brukare med nedsett funksjonsnivå, i tillegg til praktisk bistand i samsvar med vedtatt vedtakstimer lage til måltid og syte for god ernæring administrere medikament etter kompetanse sørge for at naudsynte prosedyrar/rutinar blir gjennomførte jobbe i tråd med kommunens reglement og etiske retningslinjer dokumentere i vårt dokumentasjonssystem Gerica Du har gode datakunnskapar, og meistrar norsk både skriftleg og munnleg. Kvalifikasjonarsjukepleiar/vernepleiar helsefagarbeidar miljøterapeut, barnevernspedagog/sosionom  pleiemedarbeidar med erfaring innan pleie/omsorg student i relevante helsefag Godkjend politiattest av ny dato må leverast før du kan starte i arbeid. Det er krav om at du har førarkort klasse B for arbeid i heimetenesta. Politiattest skal leggast fram før du tek til i jobben. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.  Personlege eigenskaparevne til å arbeide både sjølvstendig og i team har tydelege, gode etiske og faglege haldningar er positiv, har godt humør, viser engasjement og interesse for fagområdet, og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø arbeider strukturert og ryddig har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt Vi tilbyreit positivt og inkluderande arbeidsmiljø dyktige kollegaer med sterk fagleg kompetanse og engasjement ein arbeidsplass som prioriterer fagutvikling, kompetanseheving og etisk refleksjon engasjerte og trivelege medarbeidarar som bidreg til ein betre kvardag for brukarane våre ein arbeidsfellesskap der vi har fokus på å løfte kvarandre og spela kvarandre gode løn etter gjeldande avtalar   Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegaar! Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk. Intern søkjar Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett. Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant. KontaktinformasjonSutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312 ArbeidsstadTeigevegen 55 6060 Hareid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Hareid kommune Referansenr.: 5175551666 Stillingsprosent: 15% Vikar Søknadsfrist: 30.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.