Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vil du vere med og utvikle framtida for næringslivet i Askvoll?

Askvoll

Arbeidssted
ASKVOLL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
Snarest
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ønskjer du ein jobb med tett kundekontakt, stor fagleg fridom og høve til å påverke utviklinga av verksemda? Econ Askvoll (Askvoll Rekneskapsteneste AS) søkjer no ein statsautorisert rekneskapsførar som vil vere med på vidare vekst og utvikling. Vi er eit lokalt forankra rekneskapskontor med kundar innan eit breitt spekter av bransjar. Som ein del av Econ Alliansen, ei av dei mest framtidsretta kjedene i rekneskapsbransjen, har vi tilgang til eit sterkt fagmiljø, moderne verktøy og eit landsdekkande nettverk – samstundes som vi tek vare på den nære kundekontakten og den lokale tilknytinga. For deg betyr det at du får jobbe lokalt, men med verktøya og fagmiljøet som skal til for å levere rådgjeving i toppklasse. ArbeidsoppgåverHjå oss får du ansvar for eigne kundar og blir ein viktig rådgjevar for dei. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: Ansvar for eigen kundeportefølje med løpande rekneskapsføring og økonomisk oppfølging Utarbeiding av årsrekneskap og skattemeldingar Kundeoppfølging og økonomisk rådgjeving Oppfølging av offentlege rapporteringar og fristar Fagleg støtte til kundar og kollegaer Bidra til digitalisering og effektivisering av arbeidsprosessar Kven ser vi etter?Krav: Du er statsautorisert rekneskapsførar Du har relevant praksis frå rekneskaps- eller økonomibransjen og kan gå rett inn i produksjon Vi trur vidare at du: Arbeider strukturert, sjølvstendig og nøyaktig Er serviceinnstilt og trivst med kundekontakt Har gode digitale ferdigheiter og interesse for nye verktøy Ønskjer å bidra til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø Erfaring med økonomisk rådgjeving er ein fordel. Kva kan vi tilby?Ein spennande og variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende Eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø Konkurransedyktige løns- og pensjonsordningar Fleksibilitet og moglegheit for fagleg utvikling Tilgang til kompetanse, kurs og nettverk gjennom Econ Alliansen Moglegheit til å påverke utviklinga av både eiga rolle og verksemda Bli med på laget!Vil du jobbe i eit lokalt rekneskapskontor med eit sterkt fagmiljø i ryggen og nær kontakt med kundane? Då håpar vi å høyre frå deg. Søknader vert behandla fortløpande, og alle førespurnader vert handsama konfidensielt. Econ Askvoll – lokal kompetanse, personleg oppfølging og framtidsretta løysingar.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.