Barnehagelærar
Vinterdalen barnehage, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 19. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Engasjement
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vinterdalen barnehage ligg i Sandviken like ved Sandviken sjukehus, heilt opp mot skogen og utsikt mot Byfjorden. Med 4 avdelingar og kring 60 barn er vi få nok til at alle kjenner kvarandre, men samstundes store nok til å skape eit variert og rikt sosialt miljø for både barn og tilsette. Eigar av barnehagen er Helse Bergen som til saman har 4 barnehagar.
Barnehagen har no ledig to stillingar som barnehagelærar. Begge stillingane er midlertidige i tidsrommet 10.11. - 31.12.20266, med mogleg forlenging.
1x100% stilling
1x10% stilling
Vi søker engasjerte og varme barnehagelærarar som ønsker å bidra til eit trygt og utviklande miljø for barna.
Vi ser etter deg som er positiv, raus og fleksibel i møte med både barn, kollegaer og føresette. Du er opptatt av å bygge gode relasjonar og bidra til eit trygt og utviklande miljø for alle i barnehagen. Du har ekte engasjement for barns leik og læring, og forstår verdien av å vere til stades i kvardagen – både som ein trygg vaksen og som ein aktiv deltakar i barnas opplevingar og utforsking.
Gjennom refleksjon og utvikling skal vi skape gode kvardagar for barn og tilsette, og vi er opptatt av erfaringsdeling og kompetanseheving i organisasjonen vår. Livsmeistring og helse er satsingsområdet vårt, og vi samarbeider tett med andre barnehagar i Helse Bergen og NLA høgskulen om personalet sin faglege utvikling.
Barnehagane i Helse Bergen tar del i internasjonalt samarbeid gjennom EU-programmet Erasmus + alle våre tilsette kan søke om å delta på studietur og besøke barnehagar i andre land. Internasjonalt samarbeid er eit unikt høve til å utvikle kvalitet ved å sjå på praksis i andre land og gjennom refleksjon med andre utdanningsinstitusjonar samtidig få eit blikk på eigen praksis.
Synes du dette verkar spennande, og ser på deg sjølv som ein fagleg og engasjert barnehagelærar, er du velkommen til å søke stillingane hos oss. Vi treng motiverte medarbeidarar som vil vere med å gi barna våre gode kvardagar.
ArbeidsoppgåverPlanlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar: Utvikle og gjennomføre aktivitetar som fremmer barns læring og utvikling
Omsorg og tilsyn: Sikre at barna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø, og gi omsorg og støtte etter behov
Observasjon og dokumentasjon: Observere barns utvikling og dokumentere framsteg og behov
Samarbeid med andre instansar ved behov
Foreldresamarbeid: Kommunisere regelmessig med foreldre om barnas trivsel og utvikling
Samarbeid med kollegaer: Arbeide tett saman med andre tilsette for å sikre eit godt leke og læringsmiljø
Tilrettelegging for inkludering: Sikre at alle barn, uavhengig av bakgrunn og behov, får delta i aktivitetar og oppleve meistring
Delta i fagleg utvikling: Delta i kurs og vidareutdanning for å halde seg oppdatert på pedagogiske metodar og praksisar
KvalifikasjonarGodkjend barnehagelærarutdanning
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Kunnskap om barns utvikling: God forståing av barns utvikling og læring
Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30
Personlege eigenskaparFagleg dyktig barnehagelærar med engasjement for barn og barneperspektivet
Ein lagspelar med gode samarbeidsevne til å jobbe i team med andre kollegaer
Gode kommunikasjonevner i å kommunisere med både barn, foreldre og kollegaer
Ansvarsbevisst og påliteleg
Fleksibel og løysingsorientert med evne til å tilpasse seg ulike situasjonar og behov
Tolmodig med evne til å handtere utfordrande situasjonar med ro og forståing
Omsorgsfull vaksenperson som har evne til å vise empati og omsorg for barns behov og kjensler
Du er raus og respektfull i møte med barn, foreldre og kollegaer
Ha ein positiv haldning som kan inspirere og motivere barna
Vi tilbyrEin spennande og engasjerande arbeidskvardag
Eit godt arbeidsmiljø: Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
Fagleg utvikling: Moglegheiter for kurs og vidareutdanning for å styrke faglege ferdigheiter
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar: Trygge og gode ordningar for pensjon og forsikring
Støtte og rettleiing: Regelmessig støtte og rettleiing frå erfarne kollegaer og leiing
Sosiale aktivitetar: Deltaking i sosiale aktivitetar og arrangement for å styrke samhald og trivsel
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonArnhild Baarøy, Seksjonsleiar, 99757095
ArbeidsstadSandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5189527649
Stillingsprosent: 10, 100%
Engasjement
Startdato: 10.11.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 19.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.