Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar - Vil du vere med og forme framtidas sjukepleietenester ved BUAS?

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune

Arbeidssted
SYKKYLVEN, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
1. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Hos oss får du kombinere det beste frå to verdenar: nær kontakt med pasientane og moglegheita til å påverke kvalitet og fagutvikling i heile organisasjonen. Vi har ledig 100 % stilling og søker engasjert sjukepleiar eller spesialsjukepleiar som ønskjer ei spanande rolle i skjeringspunktet mellom klinisk arbeid, fagutvikling og kvalitetsforbetring. Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) får du ei unik moglegheit til å arbeide på tvers av våre fem avdelingar og bidra til å vidareutvikle tenestane for våre 83 pasientar. Dette er ikkje berre ei sjukepleiarstilling, men ei sentral fagrolle der du får bruke kompetansen din til å styrke kvalitet, pasienttryggleik og kompetanseutvikling i heile organisasjonen. Er dette deg? Du er ein sjukepleiar som brenn for faget og ønskjer å gjere meir enn å dekke vakter. Du trivst med ansvar, ser verdien av gode system og ønskjer å bidra til utvikling av både tenester og medarbeidarar. Du er fagleg trygg, samarbeidar godt med andre og ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Vil du vere med på å utvikle framtidas omsorgstenester i Sykkylven? Då ønskjer vi å høyre frå deg.   Om stillinga Stillinga er fordelt med: 60 % i stabsfunksjon, der du bidreg med sjukepleiefagleg støtte på tvers av avdelingane 40 % klinisk arbeid i avdeling, med direkte pasientoppfølging - denne delen er per tida på Sone 2 I stab funksjonen vil du vere ein viktig ressurs innan: - kvalitetssikring og forbetringsarbeid - undervisning og kompetanseheving - fagleg støtte og rettleiing av sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar - palliasjon og avansert sjukepleie - pasientforløp og dokumentasjon   Du får ei sentral rolle i å sikre at alle pasientar ved BUAS får tilgang til sjukepleiefagleg kompetanse. KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar. Beherske dei vanlegaste IT-verktya Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR). Evne til å halde seg fagleg oppdatert Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer Personlege eigenskaparGod munnleg og skriftleg framstillingsevne Vere strukturert og løysingsorientert Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre Vise fagleg engasjement Motivert, serviceinnstilt og fleksibel Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Kvifor velge denne stillinga? ✅ Kombinasjon av fagutvikling og pasientnært arbeid ✅ Stor fagleg påverknad på tvers av avdelingar ✅ Variert arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende ✅ Moglegheit til å undervise, rettleie og utvikle kollegaer ✅ Tett samarbeid med sjukeheimslege og erfarne fagmiljø ✅ Rekrutteringstillegg og hjelp til enkel bustad ved behov   Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.   Vitnemål og attestar Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden. KontaktinformasjonWenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadHaugneset 16 6230 SYKKYLVEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5195974182 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.