Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Prosjektingeniør

Åseral kommune

Arbeidssted
ÅSERAL, AGDER
Publisert
Søknadsfrist
2. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med å forme framtida i kommunen vår? Vi søkjer ein engasjert og kompetent prosjektingeniør til ei sentral og viktig stilling i kommunen. Som prosjektingeniør får du ansvar for å planleggje, koordinere og gjennomføre prosjekt som bidreg til utvikling av lokalsamfunnet og gode tenester til innbyggjarane ArbeidsoppgåverOm stillinga Prosjektingeniøren har ei nøkkelrolle i gjennomføring av kommunen sine drifts-, investerings- og utviklingsprosjekt. Stillinga omfattar ansvar for prosjekt frå planleggingsfase til ferdigstilling innan mellom anna: Bygg- og eigedomsprosjekt VA-anlegg (vatn og avløp) Infrastruktur- og vedlikehaldsprosjekt Kommunale planar og utviklingsområde Du vil vere involvert i heile prosessen, frå prosjektering og offentlege anskaffingar til gjennomføring, oppfølging og evaluering av prosjekt. Arbeidsoppgåver Leie og koordinere investerings- og vedlikehaldsprosjekt Utarbeide og følgje opp prosjektplanar, framdriftsplanar og budsjett Gjennomføre offentlege anskaffingar og anbodskonkurransar Evaluere tilbod og følgje opp kontraktar og leverandørar Følgje opp entreprenørar, konsulentar og samarbeidspartnarar Bidra i arbeid med kommunale planar og utviklingsprosjekt Sikre god rapportering til administrativ og politisk leiing Bidra til god økonomistyring og prosjektkontroll Vere ein aktiv bidragsytar i eininga og ta del i tverrfaglege oppgåver og arbeidsprosessar ut over eigne prosjektområde. KvalifikasjonarVi ønskjer at du har: Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, bygg, VA, prosjektleiing eller tilsvarande Erfaring frå prosjektarbeid og prosjektleiing Kunnskap om offentlege anskaffingar og gjeldande regelverk God økonomiforståing og erfaring med budsjettoppfølging God skriftleg og munnleg framstillingsevne Personlege eigenskaperVi ser etter deg som: Arbeider strukturert og sjølvstendig Tek ansvar og får ting gjennomført Har gode samarbeidsevner Er løysingsorientert og initiativrik Kommuniserer godt med ulike fagmiljø og interessentar Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyrEi variert og spennande stilling med stor påverknad på utviklinga av kommunen Faglege utfordringar og moglegheit for vidareutvikling Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Løn etter avtale og gode pensjonsordningar Fleksibel arbeidstid etter gjeldande ordningar Vi kan hjelpe til å finne bustad Gratis SFO Barnehageplass KontaktinformasjonDag Ingvar Sandåker, Einingsleiar drift og vedlikehald, +47 90690845, Dag.Ingvar.Sandaker@aseral.kommune.no ArbeidsstedBordalsbakken 10 4540 Åseral Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Åseral kommune Referansenr.: 5177713808 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.