2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Surnadal
Distriktstannklinikken Surnadal [surnadal], Møre og Romsdal fylkeskommune
- Arbeidssted
- SURNADAL, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Surnadal på Nordmøre?
Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?
Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?
Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?
Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?
Vi søker to engasjerte tannlegar som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt.
Begge stillingane er ledig for snarleg tiltreding.
Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette.
Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til både regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer. Arbeide og bu i Surnadal - Surnadal kommune - Startsida
ArbeidsoppgåverVarierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som tannlege
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk.
Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Nyutdanna blir også oppmoda til å søke – vi tilbyr god støtte, tett samarbeid i team og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
kjenner stoltheit for tannhelsefaget
trivst med å jobbe med og for menneske
jobbar effektivt og sjølvstendig
har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyrEin god jobb der du kan utvikle deg
Lønn etter avtale
Oppdatert og fin tannklinikk
Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
Trivelege medarbeidarar og godt miljø
Introduksjonsprogram
Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Etableringstilskot og flyttetilskot
Og ikkje minst: Ein kvardag i ein kommune kjend for høg livskvalitet, sterke kulturmiljø, gode oppvekstvilkår og flotte moglegheiter for friluftsliv heile året.
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
KontaktinformasjonSara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553
Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500
ArbeidsstadØyatrøvegen 18
6650 Surnadal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5196176197
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.