Rådgjevar barnehage og skule
Kommunalområde Barnehage og skule, Haram kommune
- Arbeidssted
- HARAM, BRATTVÅG, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 5. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og utvikle barnehage- og skulesektoren i Haram kommune?
Vi har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar i fagstab barnehage og skule. Stillinga rapporterer til kommunalsjef.
Vi søkjer ein fagleg trygg og utviklingsorientert rådgjevar som vil bidra til kvalitetsutvikling, god saksbehandling og heilskapleg oppfølging av kommunen sitt skuleeigaransvar. Stillinga gir høve til å arbeide både strategisk og praksisnært, i tett samarbeid med kommunalsjef, skuleleiarar og andre samarbeidspartnarar.
I stillinga som rådgjevar får du høve til å påverke utviklinga av barnehage- og skuleområdet i kommunen, gjennom varierte arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom fag, forvaltning og utvikling.
Arbeidsoppgåver
skulefagleg rådgjeving og støtte til kommunalsjef og skuleleiarar
kvalitetsutvikling og oppfølging av kommunale satsingar innan barnehage- og skuleområdet, herunder deltaking i tverrfaglege prosjekt og utviklingsarbeid
saksbehandling, utgreiing og utarbeiding av notat, rapportar og politiske saksframlegg
behandling av saker og enkeltvedtak knytt til elevar i privatskulane, i tråd med gjeldande regelverk og delegerte fullmakter
samarbeid med interne og eksterne aktørar, til dømes skular, bibliotek og andre kommunale tenester
planlegge og leie skuleleiar og SFO-leiarmøter (i eit samarbeid med fleire)
Arbeidsoppgåvene kan bli justerte i tråd med kommunen sine behov.
KvalifikasjonarVi søkjer etter deg som har:
relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelorgrad
erfaring frå skule, oppvekstsektor eller anna relevant offentleg verksemd
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
god digital kompetanse
Det er ein fordel med:
relevant vidareutdanning, til dømes innan jus, spesialpedagogikk eller utviklingsarbeid
erfaring med kvalitets- og utviklingsarbeid
erfaring med offentleg saksbehandling
kjennskap til relevante regelverk innan oppvekstområdet
erfaring med arbeid på tvers av fagområde og tenester
forståing for kommunen sitt ansvar som skuleeigar
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp saman med søknaden.
Personlege eigenskaparVi legg vekt på at du:
arbeider strukturert og sjølvstendig
har god rolleforståing og gjennomføringsevne
samarbeider godt med andre, herunder at du evnar å skape tillit og relasjonar
er analytisk og utviklingsorientert, og ser det "store bildet"
kommuniserer klart og tydeleg
kan handtere fleire oppgåver og prosessar samstundes
Personleg eignaheit og gode referanser vil bli tillagt stor vekt. Testing kan bli aktuelt.
Vi tilbyrein fleksibel og variert kvardag
ei spennande og meiningsfull stilling i eit viktig samfunnsområde
løn etter avtale, og god pensjonordning
KontaktinformasjonLill-Therese Eidsvik, Kommunalsjef, 41504764, Lill-therese.h.eidsvik@haram.kommune.no
ArbeidsstadStrandgata 40
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5176051953
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 05.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.