Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Digitaliseringsrådgjevar for helse og velferd

Klepp kommune, IT - Digitalisering

Arbeidssted
KLEPP, KLEPPE, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
12. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ser du moglegheiter der andre ser etablerte arbeidsmåtar? Vi søkjer ein digitaliseringsrådgivar som vil arbeida i skjeringspunktet mellom menneske og teknologi for å skapa betre tenester og smartare måtar å arbeida på. Kommunane i Noreg står overfor aukande krav til effektivitet, kvalitet, og tilgjengelegheit. Digitalisering er avgjerande for å møta desse forventningane. Dette handlar ikkje berre om å ta i bruk ny teknologi, men og om å forenkla arbeid, automatisera oppgåver og skapa betre flyt i arbeidskvardagen. Som digitaliseringsrådgivar skal du bidra til å utvikla kommunen sine tenester og arbeidsmåtar gjennom smart bruk av teknologi. Du skal avdekkja flaskehalsar, utfordra etablerte arbeidsmåtar og leggja til rette for meir effektive arbeidsflytar. Rolla krev evne til å sjå samanhengen mellom menneske, prosessar og teknologi, og å omsetja strategiske mål til praktiske løysingar som skaper verdi for innbyggarar og tilsette. Stillinga vil vera særleg knytt til tenesteområdet Helse og velferd. Kommunen er i ferd med å etablera eit tverrfagleg e-helseteam, der du vil få ei sentral rolle. Samtidig står tenesteområdet framfor fleire store endringar, mellom anna innføring av nytt pasientjournalsystem og utskifting av fleire sentrale fagsystem. Du vil bidra til at løysingar blir tatt i bruk og skaper gevinstar gjennom endringsarbeid, opplæring og tett samarbeid med tenestene. Du skal ha god kjennskap til systema, slik at du kan sørga for at dei vert utnytta fullt ut. Klepp kommune er ein del av DigiJæren-samarbeidet, eit IT- og digitaliseringssamarbeid mellom kommunane Klepp, Time, Gjesdal og Hå. Her vil du ha kollegaer i tilsvarande roller i dei andre kommunane og høve til å samarbeida om utvikling, erfaringsdeling og digitale satsingar på tvers av kommunegrensene. ArbeidsoppgåverSom digitaliseringsrådgjevar skal du blant anna: Driva digitalisering og utvikling av tenestene innan helse og velferd gjennom prosjektleiing, endringsarbeid og tett samarbeid med leiinga og fagmiljøa. Identifisera og fjerna flaskehalsar i arbeidsprosessar gjennom automatisering, integrasjonar og smart bruk av teknologi. Drifta, forvalta og vidareutvikla sentrale fagsystem og digitale løysingar i samarbeid med leiinga, brukarar, leverandørar og andre fagmiljø. Bidra til å utnytta dei systema me har godt, og innføra nye system og velferdsteknologiske løysingar. Sikra at løysingane oppfyller krav til informasjonstryggleik, personvern og god forvalting av kommunen sine data. Byggja digital kompetanse gjennom rådgiving, opplæring og støtte til leiarar, tilsette og superbrukarar. Bidra til oppbygging og utvikling av kommunen sitt e-helseteam. KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning innan digitalisering, innovasjon og tenesteutvikling, IKT, helseinformatikk eller tilsvarande. Lang relevant erfaring kan kompensera for formell utdanning. Dokumentert erfaring med prosjektleiing, endringsarbeid og utvikling av arbeidsprosessar. Erfaring med å nytta digital teknologi til å forenkla, forbetra eller automatisera arbeidsprosessar. God kjennskap til kommunal sektor og særleg helse- og omsorgstenestene, inkludert relevante fagsystem og rammeverk som prosjektvegleiaren, modell for heilskapleg drift av velferdsteknologi osb. Erfaring med systemansvar. Solid kompetanse innan informasjonstryggleik og personvern, og evne til å omsetja lovkrav og sikkerheitskrav til praktiske løysingar i digitale tenester. God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk. Arbeidsspråket er norsk. Søkjarar frå land utanfor Norden må beherska norsk på minimum C1-nivå. Kjennskap til helse- og omsorgstenester eller helsefagleg utdanning vil vera eit pluss. Personlege eigenskaparMe ser etter ein person som identifiserer seg med kommunen sine verdiar: Me tar i eit tak. Me bryr oss. Me tenker fritt. Du er nysgjerrig og lærevillig, tek aktivt ansvar for eiga kompetanseutvikling og held deg fagleg oppdatert. Du viser handlekraft og gjennomføringsevne. Du trivst med å omsetja idear til konkrete resultat og får ting til å skje. Du bygger gode relasjonar og samarbeider godt med både fagpersonar, leiarar og leverandørar. Du ser samanhengen mellom menneske, arbeidsprosessar og teknologi, og evnar å utfordra etablerte arbeidsmåtar på ein konstruktiv måte. Du kommuniserer tydeleg og gjer komplekse problemstillingar forståelege. Du bryr deg om menneska rundt deg og har forståing for korleis endringar påverkar både innbyggarar og tilsette. Vi tilbyrHos oss får du meir enn ein jobb. Du får stor grad av tillit, handlingsrom og moglegheit til å påverka korleis kommunen arbeider med digitalisering i åra som kjem. Du blir ein del av eit fagmiljø som er oppteke av samarbeid, innovasjon og gjennomføring, og du får fridom til å forma eiga rolle og setja idear ut i livet. Du får vera med og bygga opp eit nytt tverrfagleg e-helseteam og spela ei sentral rolle i innføringa av nye fagsystem og nye arbeidsformer. Som digitaliseringsrådgjevar vil du og bli del av, og kan spela på, faglege nettverk både gjennom DigiJæren og DigiRogaland (heile fylket). Du vil høyra til Digitaliseringsavdelinga i Klepp kommune, og svara til digitaliseringssjefen. I digitaliseringsavdelinga er det i dag to digitaliseringsrådgjevarar, i tillegg til dei som har ansvaret for IT-drift og IT-hjelp. Du har derfor kort veg til dei som kan hjelpa til med tekniske løysingar og tilrettelegging. Og gjennom IT-hjelp får du god kjennskap til kva tilsette har av utfordringar digitalt. I Klepp har me fleksibel arbeidstid, og gode pensjons- og forsikringsordningar. KontaktinformasjonNils Arne Midtun, Digitaliseringssjef, +47 90612659 ArbeidsstadKleppevarden 2 4350 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5177796140 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 12.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.