Sjukepleiar - 100 % fast
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
- Arbeidssted
- BJØRNAFJORDEN, EIKELANDSOSEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette medarbeidaren for oss! Som sjukepleier hos skal du vere med å bidra til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga/avdelinga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn.
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar i 100 % stilling. Stillinga er i turnus etter gjeldande turnusavtale. Det er mogleg å gå i redusert stilling om ønskeleg.
Stillinga er lagt til ressursbemanningsteamet, i første omgang som vikariat for sjukepleiar som er i foreldrepermisjon. Du vil få høve til å jobbe på fleire avdelingar i tverrfagleg team, noko som gir deg varierte arbeidsoppgåver og utfordringar. Vi ser etter deg som ønskjer å vere med å vidareutvikle sjukepleien i eldreomsorga, og som vil bidra aktivt i møte med framtidige utfordringar. Hos oss arbeider vi målretta med nye former for oppgåvedeling.
Arbeidsstad
Fusa Bu- og behandlingssenter (FBBS).
FBBS er ein heildøgns institusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune med flott sansehage og utsikt over fjorden.
Arbeidsoppgåver
Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at pasientane sine rettar vert teken i vare
Drive forbedringsarbeid og videreutvikle tenestene
Dokumentering av helsehjelp i Profil
Undervisning retta mot anna helsepersonell i høve til medisinske prosedyrar, legemiddelhandsaming osb.
Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Fagleg engasjement og interesse for eldreomsorg
Kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar
Løysingsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Fleksibel, serviceinnstilt, lojal og pliktoppfyllande
Gode evner til observasjon og dokumentasjon
God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
Bidra til godt arbeidsmiljø
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldende avtaler. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, samt helsesjukepleiarar i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
Tilsett i stillinga kan etter lokal ordning få eingongsutbetaling på kr. 30.000 i særskilt rekrutteringstillegg, etter fullført og dokumentert prøvetid
Nyutdanna som har hatt fast deltidsstilling med stipendordning i Bjørnafjorden kommune under utdanninga, kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000 ved oppstart i stillinga
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Gode kollegaer
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi gjennomfører intervju og tilsetting fortløpande, og oppmodar til å søkje så snart som mogleg.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.