Avdelingsleiar
Nav Bergen sentrum (regionkontor Bergen)
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 5. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Nav Bergen Sentrum søkjer ein engasjert og resultatorientert avdelingsleiar for fagområdet arbeidsavklaringspengar (AAP). Du skal leie ei avdeling med 15 tilsette som har ansvar for sakshandsaming av arbeidsavklaringspengar, der kvalitet, faglege vurderingar og effektiv sakshandsaming står sentralt. Avdelinga sakshandsamar krav om arbeidsavklaringspengar frå dei fire Nav-kontora i Bergen og samhandlar også tett med andre einingar både på fylkesnivå og nasjonalt. Du vil difor ha ein sentral rolle i å utvikle godt samarbeid med andre einingar for å sikre heilskaplege og effektive prosessar.
Som leiar i Nav skal du utøve tillitsbasert leiing med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Du byggjer tillit gjennom å sjå og utvikle potensialet hos medarbeidarane dine. Gode relasjonsevner og evne til å skape eit inkluderande og godt arbeidsmiljø er difor sentrale eigenskapar i denne rolla.
Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Vi held til i moderne kontorlokale med utsikt over Store Lungegaardsvann, nært bybanen, og har over 300 engasjerte tilsette. Hjå oss møter du kollegaer med ulik bakgrunn og kompetanse, sterke fagmiljø og eit arbeidsfellesskap som er oppteke av læring, samarbeid og utvikling. Saman jobbar vi for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for menneske og samfunn.
Hjå oss får du moglegheita til å leie og utvikle eit sentralt fagområde i Nav, med eit viktig samfunnsoppdrag og eit sterkt fagleg fellesskap.
Kva går jobben ut på? ansvar for den daglege drifta av avdelinga med personal, fag og resultatansvar
leie, motivere og utvikle medarbeidarar og fagmiljø
sikre måloppnåing innan kvalitet, produksjon og saksgang
sørge for god framdrift i oppgåvene og tydelige prioriteringar
bygge og vidareutvikle samarbeid på fagområdet med Nav-kontora i Bergen og andre relevante samarbeidspartnarar
sikre eit godt arbeidsmiljø og kompetanseutvikling for dei tilsette
Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha
fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
erfaring med å skape gode resultat innan tenesteleveranse og arbeidsmiljø
leiarerfaring med personalansvar
erfaring frå endring og omstillingsprosessar
gode munnlege og skriftlege evner på norsk
forståing for leiing i staten og kjenne samfunnsoppdraget til Nav godt
Det er ein fordel om du har
erfaring frå leiing i offentleg verksemd
kjennskap til Nav sine tenester
erfaring med strukturert forbetringsarbeid og Lean-metodikk
Kven er du?er løysingsdyktig og har god gjennomføringsevne
har evne til å byggje tillit, skape gode relasjonar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
er tydeleg, strukturert og resultatorientert
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
har evne til å motivere, inkludere og spele på lag med erfarne og kunnskapsrike medarbeidarar
har godt humør og er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet
Kvifor velje oss?spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit høgt prioritert samfunnsområde
du får leie aktive og engasjerte medarbeidarar som brenn for samfunnsoppdraget
fleksibel arbeidstid, hybrid arbeidskvardag og moglegheit for trening i arbeidstida
statleg tilsetting som avdelingsleiar i kode 1407 i lønsspenn frå kr 830 000 til 900 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
KontaktinformasjonMette Johnsen Bentdal, Regionleiar /avdelingsdirektør, 411 84 104
ArbeidsstedMøllendalsveien 8
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5174208680
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.