Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Er du vår nye teknikar?

Seashore Land AS

Arbeidssted
VINDAFJORD, SKJOLD, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
11. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Hos oss er teknikarane avgjerande for at produksjonen går som planlagt, og for at fisken får dei beste føresetnadene for god helse og vekst. No søkjer vi ein praktisk og fagleg sterk teknikar som ønskjer å bidra til drift, vedlikehald og vidareutvikling av vårt  settefiskanlegg på Trovåg. Som teknikar vil du få ei sentral rolle i den daglege drifta av anlegget, der du arbeider med tekniske installasjonar, førebyggjande vedlikehald og feilsøking. Du blir ein del av eit kompetent arbeidsmiljø med høgt fokus på kvalitet, HMS, fiskevelferd og kontinuerleg forbetring. Arbeidsoppgåver Hos oss vil du få ei variert og praktisk rolle med ansvar for: Drift og vedlikehald av anlegg Feilsøking og handtering av tekniske problem Deltaking i planlagde prosjekt Aktiv deltaking i den daglege drifta Rapportering og systematisk journalføring Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: Teknisk fagbrev (t.d. automasjon, elektro, mekanisk eller liknande) Relevant arbeidserfaring frå tilsvarande arbeid Sterkt fokus på HMS og kvalitetsarbeid Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Kven er du? For å trivast i rolla trur vi at du: Er arbeidsam, strukturert og sjølvgåande Evnar å prioritere godt – både i hektiske og rolege periodar Er engasjert, løysingsorientert og har ei positiv innstilling Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og spelar andre gode Kvifor velje oss? Hos oss får du: Ei spanande rolle i ein bransje i sterk utvikling Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling Konkurransedyktige vilkår Gode pensjons- og forsikringsordningar Tilgang til firmahytter i Røldal, Voss og Spania
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.