Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vikariat som lege i spesialisering (LIS2/3)

Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde

Arbeidssted
SOGNDAL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
1. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi søkjer lege i spesialisering (LIS2/3) til eit eittårig vikariat i perioden 01.03.2027 til 01.03.2028.  Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) organisert i seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag omfattar mellom anna allmennpsykiatrisk poliklinikk med spissa satsing på alderspsykiatri, jobbspesialistar og TSB-team. Seksjon Døgn har 13 sengeplassar og arbeider aktivt ut mot kommunane i opptaksområdet gjennom ambulant verksemd. Vi er samlokalisert med Sogndal BUP, og senteret har om lag 80-90 tilsette. Du kan lese meir om senteret og tilboda våre på Helse Førde si nettside: Indre Sogn psykiatrisenter. Vertskommunen er Sogndal, ein av få kommunar utanfor dei største byane som opplever sterk vekst. Eit variert arbeidsliv, gode utdanningsmoglegheiter og ein unik natur gjer regionen attraktiv for både arbeid og fritid. Her ligg tilhøva godt til rette for eit aktivt friluftsliv året rundt. ArbeidsoppgåverHovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga Delta i vaktordning ved senteret Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell) Søkjar må ha førerkort i klasse B Ferdig med LIS1 teneste. Personlege eigenskaparDu har motivasjon og interesse for fagfeltet Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar Vi tilbyrLøn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar     Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonØyvin Helge Myrmel, Avdelingssjef, +47 415 30 396 ArbeidsstadDalavegen 29 6856 SOGNDAL Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5187718970 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.03.2027 Sluttdato: 28.02.2028 Søknadsfrist: 01.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.