Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Dagleg leiar i Bore kyrkje og assisterande kyrkjeverje i Klepp kyrkjelege fellesråd

Klepp kyrkjelege fellesråd

Arbeidssted
KLEPP, KLEPPE, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
18. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Dagleg leiar i Bore sokn 60-70 % stilling, fast stilling Assisterande kyrkjeverje 30 % stilling, fast stilling I Klepp har vi behov for ny dagleg leiar i Bore sokn og assisterande kyrkjeverje i Klepp kyrkjelege fellesråd, til saman inntil 100 % stilling. Du som søkjer kan enten søkje berre stillinga som dagleg leiar, eller både som dagleg leiar og assisterande kyrkjeverje. Vil du vere med og utvikle eit levande, ope og inkluderande sokn? Vi søkjer ein engasjert og strukturert dagleg leiar som ønskjer å bidra til at soknet kan vere ein open møteplass for tru, fellesskap og samfunnsengasjement. Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i å leggje til rette for arbeidet i soknet gjennom administrativ leiing, planlegging og koordinering. Stillinga gir ei unik moglegheit til å kombinere leiing, organisasjonsutvikling og samarbeid med tilsette, frivillige og sokneråd. Bore sokn har om lag 3 300 medlemmer og er eit «tregenerasjonssokn». Staben består av dagleg leiar, prest, trusopplærarar, sekretær, kyrkjetenar og reinhaldar (fleire av desse er deltidsstillingar). Bore deler diakon med dei andre sokna i kommunen. Arbeidsstad vil vere ved kyrkjekontoret i rådhuset på Klepp. Arbeidsoppgåver som dagleg leiar Dagleg administrativ leiing av verksemda i soknet Førebu saker og følgje opp vedtak frå soknerådet Økonomioppfølging, budsjettarbeid og rapportering Personaloppfølging og koordinering av tilsette i soknet Rekruttering, oppfølging og utvikling av frivillige medarbeidarar Planlegging og koordinering av aktivitetar og arrangement i soknet Informasjons- og profileringsarbeid for soknet Samarbeid med andre sokn i kommunen, skular og barnehagar, og andre samarbeidspartnarar Bidra til strategisk utvikling av soknet Arbeidsoppgåver som assisterande kyrkjeverje Som assisterande kyrkjeverje vil du vere ein del av leiargruppa med delt ansvar. Vi fordeler oppgåver etter den einskilde sin kompetanse, erfaring og interesse. Som assisterande kyrkjeverje vil du etter avtale få særskilt ansvar for eitt av desse områda: Personalarbeid Forvaltning av bygningar og eigedomar Økonomiarbeid som budsjett- og rekneskapsoppfølging Andre administrative leiingsoppgåver Vi søkjer deg somHar relevant høgare utdanning innan eitt eller fleire av desse fagfelta: administrasjon, leiing, økonomi, personalarbeid eller tilsvarande Har erfaring frå leiing, organisasjonsarbeid eller administrasjon, gjerne innan kyrkjeleg eller anna kristent arbeid Er strukturert og har god kapasitet og gjennomføringsevne Har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg Har gode samarbeidsevner Er komfortabel med økonomi og administrative system Kan arbeide sjølvstendig og samstundes byggje gode lag rundt deg Har forståing for verdigrunnlaget og oppdraget til Den norske kyrkja Gjerne har lokalkunnskap og forståing for Rogaland og Jæren Har kompetanse i bruk av digitale verktøy Er medlem i Den norske kyrkja Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit og at rett person blir tilsett i stillinga. Vi tilbyrEi variert og meiningsfull leiarstilling Moglegheit til å prege utviklinga av soknet Eit godt arbeidsfellesskap med engasjerte tilsette og frivillige Gode moglegheiter for fagleg utvikling Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor Pensjonsordning i KLP Anna Søkjar må kunne disponere eigen bil. Det vil vere noko arbeid på kveldstid og ettermiddagar, samt helgearbeid enkelte gonger. Den som får stillinga, må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjing. For nærare informasjon om stillinga, kontakt kyrkjeverje Arvid Kaspersen, 951 49 973, eller assisterande kyrkjeverje Hilde Djønne, 481 25 450. KontaktinformasjonArvid Kaspersen, Kyrkjevergje, +47 40157641 Hilde Djønne, Assisterande kyrkjeverje, 48125450 ArbeidsstedPrestevegen 7 4352 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Klepp kyrkjelege fellesråd Referansenr.: 5184951006 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.