Psykolog/Psykologspesialist, alderspsykiatri/nevropsykologi
Eldremedisinsk poliklinikk alderspsykiatri, Haugesund sjukehus
- Arbeidssted
- HAUGESUND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ønskjer du å arbeide med nokre av dei mest spennande differensialdiagnostiske problemstillingane innan psykisk helsevern?
Vi har ledig eit vikariat som psykolog/psykologspesialist i vårt alderspsykiatriske fagmiljø ved Haugesund sjukehus, med moglegheit for fast tilsetjing. Stillinga er knytt til alderspsykiatrisk poliklinikk, med tett samarbeid med både alderspsykiatrisk døgneining og nevropsykologisk poliklinikk
Hos oss møter du pasientar der symptom og funksjonsendringar ofte ligg i skjeringspunktet mellom kognitiv svikt, psykisk liding, somatisk sjukdom og normal aldring. Mange av pasientane blir tilviste fordi utgreiinga er kompleks og diagnostikken framleis uavklart etter vurderingar i kommunehelsetenesta eller andre delar av spesialisthelsetenesta
Dette er ei stilling for deg som trivst med klinisk problemløysing, diagnostisk arbeid, kognitiv utgreiing og tverrfagleg samarbeid.
Kva går jobben ut på?Du vil arbeide med utgreiing av eldre pasientar med kognitiv svikt, åtferdsendringar og psykiatriske symptom.
Arbeidet omfatter mellom anna:
Nevropsykologiske undersøkingar og diagnostiske vurderingar.
Differensialdiagnostisk utgreiing ved mistanke om demenssjukdom og andre kognitive tilstandar.
Vurdering av samspel mellom kognitiv svikt, psykisk liding og somatisk sjukdom.
Tverrfagleg samarbeid med legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og andre faggrupper.
Deltaking i diagnostiske drøftingar og behandlingsplanlegging.
Arbeid ved både alderspsykiatrisk poliklinikk, nevropsykologisk poliklinikk og alderspsykiatrisk døgneining.
Utgreiingane er ofte målretta og klinisk orienterte, tilpassa ei pasientgruppe med samansette utfordringar, omfattande somatisk sjukdom og redusert funksjonsnivå.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som psykolog
Erfaring med nevropsykologisk utgreiingsarbeid
Erfaring med utgreiing av eldre pasientar
Kompetanse innan kognitiv vurdering og differensialdiagnostikk
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er nødvendig for forsvarleg pasientbehandling.
Spesialistgodkjenning er ein fordel, men ikkje eit krav.
Kva ser vi etter hos deg?Vi trur du vil trivast hos oss dersom du
likar komplekse diagnostike problemstillingar
er fagleg nysgjerrig og analytisk
trivst med samarbeid på tvers av fagområde
er trygg i kliniske vurderingar
kommuniserer godt med pasienter, pårørande og samarbeidspartnarar
bidreg til eit inkluderande og positivt fagmiljø
Kvifor skal du velje oss?Få arbeidsplassar tilbyr den same kombinasjonen av alderspsykiatri og nevropsykologi som denne stillinga.
Hos oss får du
arbeide i eit stort og erfarent fagmiljø innan kognitiv utgreiing
tett samarbeid mellom alderspsykiatri og nevropsykologi
tilgang til brei testkompetanse og omfattande testbatteri
regelmessige tverrfaglege drøftingar
varierte arbeidsoppgåver på tvers av poliklinikk og døgneining
moglegheit til å arbeide med nokre av dei mest komplekse differensialdiagnostiske problemstillingane hos eldre pasientar
fagleg utvikling i eit spesialisert fagfelt
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonArvid Rongve, overlege, 90548749, arvid.rongve@helse-fonna.no
Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5192503985
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 30.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.