Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

2 stillingar som landbruksvikar

Landbrukstenester Sogn SA

Arbeidssted
VIK, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
21. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

2 stillingar: LANDBRUKSVIKAR i Vik i Sogn og Balestrand. LANDBRUKSVIKAR i Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal. Landbrukstenester Sogn skal sikre at føretak med husdyr- og planteproduksjon får tilgang på kvalifisert hjelp til avløysing ved sjukdom og i krisesituasjonar. Hva vi ser etter Bonden treng flinke folk for å sikre god matproduksjon. Gardbrukarane treng ekstra personale for ta ut rettane dei har i velferdsordningane i landbruket - fritid, vikar i fjøset ved sjukdom og fødsel mv. Ein landbruksvikar må vere ansvarsbevisst, påliteleg og arbeide sjølvstendig. Du må kunne styre moderne fjøssystem, handtere ulike maskiner og køyre traktor. Arbeidsoppgaver Arbeidsoppgåvene dine blir stell og pass av husdyra på garden når bonden ikkje greier det sjølv eller treng ferie og fritid. Du kan få nye oppdrag på relativt kort varsel viss bonden blir akutt sjuk eller anne krise på garden. Dersom du likar praktisk arbeid, stell og pass av dyr, mekking og skruing, då er du rett person for oss. Drifta på det enkelte gardsbruk varierer og det trengst evner til god kommunikasjon og gjennomføring av rutinar i følgje opplæring. Du får nye oppdrag kvar veke, men kan også få lengre oppdrag på same gardsbruket. Administrasjonen tildeler deg oppdrag i følgje bestillingar frå bøndene. Vi tilbyr Me tilbyr ein jobb der du får bruke alt du har lært om husdyrhald og gardsdrift. Det er variasajon i arbeidsoppgåvene alt etter årstida og du har difor arbeid både inne i fjøset og ute på garden eller beiterydding. Du kjem i eit kollegium med fem landbruksvikarar. Har du ønskje om ein redusert og fleksibel stilling kan det avtalast. Firmabil. Me tilbyr aktuelle kurs og faglege samlingar.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.