Sekretær/Helsesekretær
STRÅLETERAPI/KONTOR, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 24. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med på vinnerlaget og skape helsetenester til våre pasientar i eit spennande fagmiljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
Stråleterapiseksjonen i Ålesund har ledig et 70% vikariat som sekretær/helsesekretær frå snarast og til og med 30.09.2027, med moglegheit for forlenging. Ved interne omrokkeringer vil stillingsprosenten kunne endres.
Stråleterapiseksjonen er lokalisert i kreftbygget og er ein del av det onkologiske fagmiljøet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen gir eit fylkesdekkande tilbod innan stråleterapi for pasientar i Møre og Romsdal. Merkantil seksjon er knytt til stråleterapi, men du vil ikkje jobbe direkte med stråleterapi. Som sekretær hos oss, blir du inkludert i eit svært tverrfagleg team og vi yter service både til poliklinikken og sengeposten i kreftavdelinga. Du vil samarbeide både med legar, sjukepleiarar på kreftpoliklinikken, og personale på stråleterapien. Vi roterer på dei fleste arbeidsoppgåvene og du bør vere førebudd på å serve både poliklinikk og sengepost.
ArbeidsoppgåverSekretær/helsesekretær si rolle inneheld overordna grad av service, kommunikasjon, formidling, koordinering og øvrig merkantilt arbeid
Sekretæren/helsesekretæren skal støtte og tilrettelegge for pasientar, pårørande og pasientbehandlarar
Delta i seksjonen sine daglege arbeidsoppgaver i poliklinikk/sengepost (eks: telefon, post, luke, handtering av ventelister, dokumentasjon, koding og rapportering)
Sekretæren/helsesekretæren skal arbeide etter Helse Møre og Romsdal sine verdier: Kvalitet – Tryggleik – Respekt
KvalifikasjonarRelevant erfaring
Utdanning/autorisasjon som sekretær/helsesekretær
Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Gode datakunnskapar
Fordel med erfaring i Helseplattformen
Kjennskap til prosedyrearbeid og kvalitetssystem (EQS etc.)
Personlege eigenskaparDu er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
Du trivst i eit hektisk miljø
Du er innovativ, nysgjerrig, initiativrik og endringsvillig
Du må kunne samarbeide på tvers av faggrupper
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonKristin Farstad, Seksjonsleiar, kristin.farstad@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5178372772
Stillingsprosent: 70%
Vikariat
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 24.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.