Sjukepleiar? Nyutdanna eller med lang erfaring? Kom og jobb hos oss i sommar!
Medisin sengepost Nordfjord, Helse Førde
- Arbeidssted
- STAD, NORDFJORDEID, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 17. jan. 2027
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer ferievikarar sommaren 2027. Periode: 14.06.2027 - 22.08.2027.
Vi har behov for:
Sjukepleiarar
Sjukepleiarar med kompetanse frå overvaking, observasjonspost, intensiv o.l.
Sengeposten er ein spennande heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot det meste av den augeblikkelege hjelpa frå regionen. Her får du møte mange ulike indremedisinske problemstillingar og opparbeide deg verdifull erfaring i eit variert og lærerikt fagmiljø.
Vi går i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Opplæring kan med fordel starte tidlegare.
Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide, og kva stillingsprosent du ønskjer.
Arbeidsoppgåver sengepost:Ta imot pasientar som kjem til avdelinga
Observasjonar og målingar av vitale parameter
Gruppeleiing og medikamenthandtering
Ivareta pasientar sine grunnleggande behov i høve pleie, omsorg og aktivitet
Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal DIPS/Meona
Kontakt med kommunane via PLO-meldingar
Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar
Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
Ønskje om erfaring med DIPS/MEONA, men opplæring vil bli gitt
Personlege eigenskaparDu kommuniserer godt med pasientar og pårørande
Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar
Du likar å arbeide i spennande og til tider krevjande situasjonar
Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar hjelp
Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Du er fleksibel og engasjert
Vi tilbyrEin spennande og utfordrande jobb
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Fagleg utvikling
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264
ArbeidsstedSjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5201209195
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.01.2027
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.