Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Avdelingsdirektør

Bufetat

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
30. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillinga og arbeidsstadenBufetat region, vest, har no ledig fast stilling som avdelingsdirektør i 100 % stilling. Vi søkjer deg som ønskjer å vidareutvikle tenestetilbodet vårt for barn og familiar og bidra til strategisk leiing av regionen. Avdelingsdirektør har regiondirektør som næraste overordna og inngår i den regionale leiargruppa. Regionleiinga består for tida av regiondirektør, tre avdelingsdirektørar med særskilt ansvar for oppfølging av dei einskilde tenesteeiningane, stabsdirektør og kommunikasjonssjef. Regionskontoret ligg i Bergen. Arbeidstad for stillinga er Bergen, med ansvar og samarbeid på tvers av heile regionen. Det må reknast noko reiseverksemd, samtidig som vi har gode, moderne videokonferanseløysingar i alle tenesteområda. I Bufetat er vi opptatt av kunnskapsgrunnlaget. Vi står støtt i faget vårt - men aldri stille. Vi har eit tydleg og unikt samfunnsoppdrag. Kvar dag går vi på jobb for dei mest sårbare i samfunnet, og ser at arbeidet vårt gjer ein reell forskjell i folk sitt liv. Vi er ikkje kven som helst. ArbeidsoppgåverTil stillinga ligg for tida leiinga av eit senter for foreldre og barn og seks familievernkontor. Familievernet tilbyr terapi, mekling, kurs og bistand til familiar, par og barn med relasjonsproblem. Senter for foreldre og barn har avdelingar i Førde, Bergen og Stavanger, som bistår barnevernet med utgreiing av komplekse saker for barn 0-6 år. Sentra tilbyr også hjelpetiltak for å utvikle foreldreferdigheiter og styrke tilknyting. Det kan bli endringar i organisering og ansvarsområde i stillinga. Leie einingsleiarane for dei eniningane du har ansvaret for. Sikre at faglege og driftsmessige mål vert nådde i einingar du har ansvaret for.  Omsetje nasjonale føringar og handlingsplanar til regionale handlingsplanar og forslag til tiltak.  Bidra til å utvikle samarbeid med relevante private, statlege og fylkeskommunale aktørar, samt med utdannings- og forskningsinstitusjonar.  Delta i leiargruppa kvar veke og i regelmessige strategisamlingar, og bidra til den strategiske utviklinga av regionen.  Kva bakgrunn har du?Må-krav: utdanning frå universitet eller høgskule tilsvarande mastergrad  relevant utdanning kan vere innan barnevern, sosialt arbeid, psykologi, sjukepleie eller liknande  minimum tre år leiarerfaring  samfunnsfagleg forståing og innsikt i offentleg forvaltning  god skriftleg og munnleg framstillingsevne  kunne nytta relevante fag- og administrative IKT-system på ein effektiv måte Bør-krav: erfaring frå leiing av andre leiarar  formell leiarutdanning.  erfaring frå leiing av døgninstitusjon vil være ein fordel videreutdanning i familieterapi vil være ein fordel  Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: har høg arbeidskapasitet og handterer mange og komplekse oppgåver er strukturert og analytisk, og har evne til å tenkje heilskapleg og tverrfagleg skapar framdrift har gjennomføringskraft og veit korleis ein førebur, set i gang og følgjer opp endringsprosjekt set i gang og følgjer opp endringsprosessar har evne til strategisk planlegging er dyktig på å motivere og utvikle gode strukturar for samarbeid  Kva får du hos oss?Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1060 avdelingsdirektør, med løn fra p.t. kr 1 100 000 pr. år til kr 1 300 000 pr. år. Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkarar, kan høgare løn avtalast. Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte. Vi tilbyr og deltaking i Bufetat si eiga leiarskule og leiarsamlingar både for regionleiinga, leiarar regionalt og leiarar nasjonalt.  Opplysningar til deg som søkjarVi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss. Stillinga er for tida lagd til F2 barn og familiar. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje. Prøvetid i samsvar med statsansatteloven. Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge. Kva skal søknaden din innehalde? For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.  Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.  Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.