Nattevakt i Lindevika buteneste
Austevoll kommune
- Arbeidssted
- AUSTEVOLL, STOREBØ, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 24. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om arbeidsstadenHelse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette, leia av kommunalsjef. Eininga omfattar pleie- og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergo- og fysioterapitenesta, miljøarbeidartenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid.
Helse og velferd har som mål å tilby fagleg forsvarlege og individuelt tilpassa tenester, slik at kvar enkelt kan oppleve ein trygg, meiningsfull og innhaldsrik kvardag.
Miljøarbeidartenesta yter praktisk bistand, opplæring og helsetenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenesta er organisert i fleire tilbodsområde:
bufellesskap med døgnbemanning
avlastingsbustad for barn og unge
omsorgsbustader for vaksne, knytt til avlastingsbustaden
ambulerande tenester til heimebuande med nedsett funksjonsevne
Visste du dette?
Bur du i Austevoll, kan du få sletta delar av studiegjelda di. Frå januar 2026 kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.
Les meir om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Om stillingaVil du ha ein jobb der du verkeleg gjer ein forskjell i kvardagen til andre?
Ved Lindevika buteneste blir du ein del av eit engasjert og fagleg sterkt miljø som jobbar tett på menneske med nedsett funksjonsevne. Vi tilbyr samlokaliserte bustader med heildøgnsbemanning og ambulerande tenester, der målet er å skape trygge, meiningsfulle og gode dagar for dei som mottar tenester.
Vi har no ledig 80% nattevaktstilling.
I tillegg har vi ledige helgestillingar med varierande stillingsprosent, som eignar seg godt for studentar eller deg som ønsker fleksibilitet.
Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag, der du både jobbar sjølvstendig og i tett samarbeid med dyktige kollegaer. Du vil vere med å legge til rette for meistring, utvikling og livskvalitet – og samtidig få høve til å utvikle deg fagleg.
Vi tilbyr årsturnus med gode moglegheiter for å påverke eigen arbeidstid, og fleksible løysingar med både langvakter og ordinære vakter.
Ansvars- og arbeidsoppgåver vil variere ut frå kompetanse, erfaring og delegert ansvar, og omfattar mellom anna:
Gi praktisk hjelp og støtte i kvardagen til personar med nedsett funksjonsevne
Vere ein trygg og stabil vaksenperson som legg til rette for gode relasjonar, meistring og sosial deltaking
Planlegge og gjennomføre aktivitetar og miljøterapeutiske tiltak tilpassa den enkelte sine behov
Bidra til målretta miljøarbeid og oppfølging i tråd med vedtak og tiltaksplanar
Sikre at tenestemottakarane får fagleg forsvarlege tenester i samsvar med vedtak
Delta i dokumentasjon og oppfølging i fagsystem
Utarbeide og halde ved like tiltaksplanar
Medverke til god struktur, kvalitet og utvikling i tenestene
Samarbeide tett med kollegaer, fagpersonar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
Bidra til god koordinering av tenester rundt den enkelte tenestemottakar
Medisinhandtering og - administrasjon for tilsette med helsefagleg kompetanse og gyldig delegasjon
Delta i rettleiing av kollegaer, studentar, elevar og lærlingar
Medverke til eit ope, inkluderande og positivt arbeidsmiljø, og bidra til vidare utvikling av tenestene
KvalifikasjonskravFormelle kvalifikasjonskrav
Fagbrev som helsefagarbeidar
God digital kompetanse
Førarkort klasse B
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Du må vise gyldig politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
Du er trygg, omsorgsfull og viser respekt i møte med tenestemottakarar, pårørande og kollegaer
Du har gode samarbeidsevner og evnar å bygge tillit og gode relasjonar
Du er tålmodig, fleksibel og handterer endringar på ein roleg og løysingsorientert måte
Du er engasjert, fagleg interessert og tar ansvar for eigne oppgåver og utvikling
Du bidrar aktivt til eit positivt, inkluderande og trygt arbeidsmiljø
Vi tilbyrGode moglegheiter for fagleg utvikling i eit positivt og kompetent fagmiljø
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med spanande utfordringar
Løn etter kvalifikasjonar
Turnustillegg der det er aktuelt
Årsturnus med moglegheit for å påverke eigen arbeidstid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du på stillingaSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.