Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiarar i 100% stilling ved legekontoret i Aukra

Aukra kommune Helse

Arbeidssted
AUKRA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
30. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Vil du bli vår nye sjukepleiar på legekontoret i Aukra? Vi søker 2 sjukepleiarar i 100% stilling Vil du bruke sjukepleiarfaget ditt i ein variert og spennande arbeidskvardag, tett på pasientar og i samarbeid med dyktige kollegaer? Aukra legekontor er kommunalt drive legekontor med eit etablert og sterkt fagmiljø. Legekontoret har 4 fastlegar og 4,5 stillingar til sjukepleiarar og anna hjelpepersonell. Kontoret betener ca. 2700 fastlegepasientar, i tillegg har vi daglegevakt og betener akutte henvendelser. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med tett samarbeid med legane og dei andre medarbeidarane på kontoret. Vi legg vekt på gode pasientmøter, fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåver er varierte og omfattar mellom anna: Laboratoriearbeid og prøvetaking Legemiddelhandtering Utføre prosedyrar som spirometri, audiometri, EKG og anna Assistere ved småkirurgi og andre prosedyrar Vaksinasjonsarbeid Handtere sentralbord og akutttelefon Administrere timebøker og triagere pasienter   Kontoret betener legevakt på kvardagar mellom kl.08.00 -16.00 Utrykning ved akutte hendelser Bidra aktivt til kvalitetsforbetringsarbeid i avdelinga Dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk og forskrifter Betene resepsjonen og merkantile oppgåver Organisering av tenester ved legekontoret er i stadig utvikling. Du må derfor vere førebudd på å tileigne deg ny kunnskap og kompetanse etter kvart som oppgåver og behov endrar seg. Vi ønskjer ein sjukepleier som kan bidra aktivt til vidareutvikling av gode arbeidsmåtar og tenester ved legekontoret. Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte avdelingsleiar. Kvalifikasjonar Vi søkjer deg som: Har offentleg godkjent utdanning og autorisasjon som sjukepleiar, oppgi gjerne HPR-nummer i søknaden Behersker norsk skriftlig og muntlig Har erfaring som sjukepleiar, gjerne frå legekontor eller anna relevant helseteneste Har gode datakunnskapar og erfaring med digitale arbeidsverktøy, vi bruker EG som journalsystemleverandør Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding Personlege eigenskapar Du er fleksibel og løysingsorientert Du har pasient og fag i fokus Liker å jobbe i eit tverrfagleg team Trygg på selvstendige faglege avgjersler Tåler utfordringar og høgt arbeidstempo Har gode samarbeidsevner og relasjonelle ferdigheiter Viser engasjement, reielegheit og respekt i møte med andre Kommuniserer godt med pasienter og kolleger Opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker Vi tilbyr Eit aktivt tverrfagleg fagmiljø med høgt engasjement og gode, humørfylte kollegaer Varierte dagar med breitt spekter av utfordringar og rask pasientflyt 100 % fast stilling i eit etablert og variert fagmiljø Moglegheit til å utvikle deg faglig Gode pensjons – og forsikringsordningar gjennom KLP Kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning jmf. Kommunens kompetanseplan Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk   Særskilte krav Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding. Prøvetid Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd. Søkarliste Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. Søknad sendast Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad" Sjå ein kort presentasjon av Aukra kommune her: https://www.youtube.com/watch?v=nDe8ChkkXj Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.