Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar

Sengepost Kirurgi 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
30. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Er du ein positiv, engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar? Då kan du vere den vi leitar etter! Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar til to 100 % vikariat ved vår ortopediske og ortogeriatriske sengepost ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Tilsetjing snarast eller etter avtale. Tilsetjing kan skje fortløpande. Ortopedisk og ortogeriatrisk sengepost er ein del av det nye akuttsjukehuset på Hjelset. Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag med oppfølging av pasientar med brotskadar, fallrelaterte skadar og andre ortopediske problemstillingar, både akutte og planlagde. Du blir ein del av eit tverrfagleg team som kombinerer ortopedisk og geriatrisk kompetanse for å sikre trygg, kunnskapsbasert og heilskapleg behandling gjennom heile pasientforløpet. Seksjonen har særleg fokus på tidleg mobilisering, førebygging av komplikasjonar, god funksjonsattvinning og pasienttryggleik. Vi arbeider kontinuerleg med fagutvikling, forbetringsarbeid og samarbeid på tvers av profesjonar. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse, stort engasjement og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Stillingane inngår i tredelt turnus. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle gode og berekraftige turnusordningar, og det er moglegheit for langvakter. Dersom du ønskjer redusert stillingsstorleik, ber vi om at dette blir oppgjeve i søknaden. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingsstorleikar bli ledige Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til søknaden. ArbeidsoppgåverUtøve heilheitleg sjukepleie til pasienter innan ortopedi og ortogeriatri. Observere, vurdere og følge opp pasientane sin kliniske tilstand og funksjonsnivå. Planlegge, gjennomføre og evaluere sjukepleietiltak i samarbeid med pasient, pårørande og tverrfagleg team. Delta aktivt i mobilisering, rehabilitering og forebygging av komplikasjonar hos pasientane. Medikamenthåndtering og administrering av behandling i henhold til gjeldende retningslinjer. Samarbeide tett med leger, fysioterapeuter, ergoterapeuter, helsefagarbeidere og øvrige faggrupper. Arbeidsoppgåvene kan tilpassast seksjonen sitt behov og den enkelte medarbeidar sin kompetanse. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar Erfaring fra arbeid i sengepost er ønskeleg, men ikke eit krav Interesse for ortopedi, ortogeriatri eller behandling av eldre pasientar Gode kliniske vurderingsevne og evne til å arbeide kunnskapsbasert God norskkunnskap, både muntleg og skriftleg Erfaring med elektronisk pasientjournal og tverrfagleg samarbeid er ein fordel Arbeidsoppgåvene kan tilpassast seksjonen sitt behov og den enkelte medarbeidar sin kompetanse. Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Personlege eigenskaparDu er fagleg engasjert og opptatt av god pasientbehandling Du samarbeidar godt med andre, samtstundes som du kan arbeide sjølvstendig og ta initiativ Du er ansvarsbevisst, strukturert og evner å prioritere i en travel arbeidshverdag Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du bidrar til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø, og deler gjerne kunnskap med andre Du er positiv, framoverlent og nysgjerrig på fagleg utvikling Du trivst med endringar og ønsker å bidra til vidare utvikling av seksjonen Vi tilbyrEit inkluderande og godt arbeidsmiljø kor vi heier på kvarandre Faglege utfordringar og gode moglegheiter for kompetanseutvikling Ein spennande arbeidskvardag med stor variasjon i pasientforløp og oppgåver Tett samarbeid med leger, fysioterapeuter, ergoterapeuter og øvrige faggrupper Moglegheit til å bidra i utviklinga av ortopedisk og ortogeriatrisk behandling ved sjukehuset. Lønn etter gjeldande overeinskomstar Gode pensjons- og forsikringsordninger gjennom offentleg tjenestepensjon KontaktinformasjonCathrine Emilie Valgermo Forren, Konstituert seksjonsleder, +47 95907778 ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5178352629 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 31.10.2027 Søknadsfrist: 30.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.