Helsefagarbeidar
Avdeling Indre Haram heimeteneste, Haram kommune
- Arbeidssted
- HARAM, TENNFJORD, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Haram kommune søkjer etter helsefagarbeidar i inntil 100% fast stilling, for tida ved indre Haram Heimeteneste, i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus, med arbeid kvar 3. helg. Indre Haram heimeteneste har samarbeid med Eidet Omsorgssenter og dei to avdelingane der. Heimetenesta har base på Eidet omsorgssenter, som ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.
Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både tenestemottakarane og dei tilsette. Vi
ønskjer å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Heimetenesta Indre Haram er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram
omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre.
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har
ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester,
slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den
viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling
og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i
kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av
tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre
gode.
ArbeidsoppgåverHelsefaglege oppgåver.
Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane.
Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
KvalifikasjonarFagbrev som helsefagarbeidar.
Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg.
Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Personlege eigenskaparI Haram kommune ønskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit
godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Godt humør og positiv framtoning.
Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer.
Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.
Vi tilbyrTverrfagleg samarbeid.
Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
Gode turnustekniske løysingar.
Løn etter tariff.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
KontaktinformasjonCamilla Walderhaug Lundberg, Konstituert avdelingsleiar, 47516769, camilla.walderhaug.lundberg@haram.kommune.no
Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no
ArbeidsstadTrolldalssletta
6264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5182515275
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.