Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Overlege ved Psykosepoliklinikk FACT Øyane DPS

Øyane DPS, Helse Bergen HF

Arbeidssted
ØYGARDEN, STRAUME, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
1. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi lyser ut overlegestilling på Psykosepoliklinikk FACT. Vi ser etter deg som er fagleg engasjert og som har lyst på ein spennande jobb ved Psykosepoliklinikk FACT på Øyane DPS. Her får du moglegheit til å vere ein del av eit tverrfagleg team med fokus på god samhandling, fagleg utvikling og langvarig behandling av pasientar. Vi søker etter deg som er overlege som har eit engasjement for målgruppa vår. Du er fleksibel, liker å jobbe ambulant og ser moglegheiter i samarbeid med andre aktørar i helsetenesta og i pasientane sine nettverk. Vi ønsker at du skal bidra med vidareutviklinga av psykosefeltet på Øyane DPS, og du vil kunne vere med å utforme behandlingstilbodet. Vi reknar det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel, og kan tilby konkurransedyktige vilkår.  Psykosepoliklinikk FACT arbeider etter FACT modellen. Arbeidet vil derfor både innebere polikliniske og ambulerande oppgåver. Teamet ivaretar polikliniske oppgåver som utgreiing, diagnostisering og behandling av alle pasientar med psykoseliding eller mistanke om psykose. Seksjonen er godkjend for tvungen psykisk helsevern utan døgn. Teamet jobbbar tverrfagleg og er sett saman av psykiater, LIS3, psykologspesialist, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar, merkantil konsulent, erfaringskonsulent, musikkterapeut og IPS jobbspesialist. Ved særskilde behov kan det vere aktuelt med arbeidsoppgåver innan dei andre delane av tilbodet ved Øyane DPS. LIS i slutten av spesialiseringsløp oppfordres til å søke.  ArbeidsoppgåverVurdere, diagnostisere, kartlegge funksjonsnivå og utarbeide behandlingsmål saman med pasientane Oppfølging av pasientar på tvungen psykisk helsevern utan døgn Behandling og rehabilitering av pasientane Medisinsk- og spesialistfagleg ansvar Delta i og utvikle det tverrfaglege samarbeidet KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege Spesialist i psykiatri Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg Vi ser etter deg som er:Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert og taklar situasjonar med tryggleik, ro og fagleg haldning Du er beslutningsdyktig Du likar å jobbe tverrfagleg internt på eigen seksjon og med samarbeidspartnarar Du trivast i eit aktivt og travelt miljø Personleg egnaheit vektleggast Vi tilbyr deg:Løn etter avtale Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar og fokus på læring og kunnskap Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver   Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHege Cecilie Sulen Lindtner, Seksjonsleiar, 92065951 ArbeidsstadBlombakkane 75 5354 Straume Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5181895689 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.