Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Møtesekretær – spesialkonsulent ved Innbyggjarservice

Austrheim kommune

Arbeidssted
AUSTRHEIM, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
5. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaAustrheim kommune har ledig stilling i innbyggjarservice, med møtesekretærrolla som hovudoppgåve. Som møtesekretær får du ei sentral rolle i gjennomføringa av det politiske arbeidet i kommunen. Du sørgjer for at møte i kommunestyret, formannskapet, medverknadsråda og andre politiske utval blir godt førebudde og gjennomførte på ein profesjonell måte. Du vil arbeide tett med ordførar og kommunedirektør, og samarbeide med ulike einingar i organisasjonen. Rolla passar for deg som likar å ha oversikt, trivst med ansvar og blir motivert av å bidra til gode og effektive avgjerdsprosessar. Stillinga er ein del av innbyggjarservice, og arbeidskvardagen vil vere variert. Du vil også ha oppgåver på andre område. Det kan mellom anna vere oppgåver knytte til digitale tenester, startlån, skjenkesaker, arkiv, val, kommunikasjon og informasjon, svare på spørsmål frå innbyggjarar og støtte andre tilsette i administrasjonen. Arbeidsoppgåvene kan endre seg over tid som følgje av endringar i organisering og ansvarsfordeling. Oppgåvene vil bli tilpassa kommunen sine behov, og kompetansen til den som blir tilsett. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, med mange kontaktpunkt og oppgåver som betyr noko for lokaldemokratiet og innbyggjarane våre. Du blir ein viktig ressurs i samspelet mellom politikk, administrasjon og innbyggjarar, og bidreg til at både politiske prosessar og tenestene våre fungerer godt. ArbeidsoppgåverDette vil du jobbe med som møtesekretær: Førebu møte og utarbeide møteinnkallingar, protokollar og anna møtemateriell Sørgje for god praktisk og teknisk gjennomføring av møte Ha systemansvar for løysingar knytte til møtegjennomføring, i dag Sikri Elements Møte og KommuneTV Rettleie og støtte folkevalde og administrasjonen i faglege og praktiske spørsmål Utvikle, oppdatere og følgje opp rutinar og reglement Administrere møtegodtgjersle og partistønad Førebu og følgje opp val av meddommarar, skjønsmedlemmer og medlemmer til forliksrådet Delta i planlegging og gjennomføring av kommune-, fylkestings- og stortingsval Nokre av møta blir gjennomførte på ettermiddags- og kveldstid. KompetansekravFormelle kvalifikasjonskrav: Utdanning på minimum bachelornivå innan samfunnsvitskap, offentleg administrasjon, jus eller andre relevante fagområde   Det er ønskjeleg at du har: God digital forståing og evne til å ta i bruk nye system og digitale verktøy Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.  Austrheim kommune nyttar nynorsk som administrasjonsspråk Kjennskap til offentleg forvaltning og kommunale tenester Interesse for politiske og administrative prosessar Kjennskap til relevante lover og regelverk, til dømes offentleglova Erfaring frå offentleg sektor eller anna relevant arbeid Kven ser vi etter?Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, strukturert og trygg i møte med andre. Du arbeider nøyaktig og systematisk, samarbeider godt og er fleksibel når oppgåver eller situasjonar endrar seg. I rolla som møtesekretær må du vere komfortabel med å ta ordet og stå framfor ei forsamling. Du må kunne presentere saker, gi praktisk rettleiing og, når situasjonen krev det, ta initiativ og bidra til ei roleg, tydeleg og god møtegjennomføring. Samtidig er det viktig at du er lyttande og tilpassingsdyktig, og at du har evne til å byggje gode relasjonar med folkevalde, kollegaer og innbyggjarar. Vi legg òg vekt på godt humør og at du bidreg positivt til arbeidsmiljøet. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og om du er eigna for stillinga. Vi tilbyrVarierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, med engasjerte kollegaer Ein arbeidskvardag med stor kontaktflate og høve til å utvikle brei kompetanse Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Pensjonsordning i KLP Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med oppgåver som spenner over fleire fagområde og gir deg høve til å vere tett på både administrative og politiske prosessar.    Bli kjent med Austrheim kommune!Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel.  Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.