Fast stilling (100%) og Vikariat (80 %) som sjukepleiar ved Austevoll pleie- og omsorgssenter
Austevoll kommune
- Arbeidssted
- AUSTEVOLL, STOREBØ, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Om arbeidsstadenHelse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Om stillingaLedige stillingar som sjukepleiar
100 % fast stilling er i hovudsak knytt til Somatisk avdeling og inngår i turnus med dag- og kveldsvakter. Full stilling utgjer 35,5 timar per veke og omfattar arbeid kvar tredje helg, eventuelt langvakter med arbeid kvar fjerde helg.
80 % svangerskapsvikariat på natt er ledig frå 07.12.2026 til 31.12.2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga inngår i natturnus med arbeid kvar tredje helg.
Austevoll kommune er i omstilling, og arbeids- og ansvarsområda kan difor bli endra.
Ansvar og arbeidsoppgåverSom sjukepleiar vil du i hovudsak:
• utføre tilsyn, observasjon og faglege vurderingar av bebuarar og brukarar
• handtere akutte situasjonar og endringar i helsetilstand på ein trygg og fagleg forsvarleg måte
• ivareta grunnleggjande pleie, smerte- og ubehags lindring, og bidra til ro og tryggleik for bebuar og brukar
• utføre gjeldande sjukepleiarprosedyrar, som medisinhandtering, stell, prøvetaking m.m.
• dokumentere observasjonar, tiltak og hendingar i det elektroniske pasientjournalsystemet Profil
• samarbeide tett med kollegaer og andre faggrupper for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp
• bidra til orden, klargjering og kvalitet i avdelinga før vaktskifte.
KvalifikasjonskravFormelle kvalifikasjonskrav:
Off. godkjent sjukepleiar
Gyldig politiattest
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
• likar å arbeide med menneske
• kan jobbe sjølvstendig og strukturert
• er trygg, ansvarsbevisst og påliteleg
• er empatisk og god til å kommunisere
• er løysingsorientert og samarbeidsvillig
• held hovudet kaldt og er stabil i krevjande situasjonar
• bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
• har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr• Ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass med høg kvalitet i pasientbehandlinga
• God opplæring og tett oppfølging i starten
• Gode mogelegheiter for fagleg utvikling, til dømes gjennom kurs
• Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med brei tverrfagleg kompetanse
• Årsturnus, der du får høve til å påverke turnusen du skal gå i
• Konkurransedyktig løn etter tariff, tillegg og gode pensjons- og forsikringsordningar
• Moderne og godt utstyrte arbeidslokale
Slik søker du på stillingaSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.