Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Helgestilling på Solundheimen

Solund kommune Helse og omsorg

Arbeidssted
SOLUND, HARDBAKKE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
5. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Solund kommune har slått saman institusjonstenesta og heimetenesta til ei eining, der ei samla personalgruppe har ansvar for både sjukeheimspasientar og heimebuande brukarar. Kommunen har òg si eiga ØHD/KAD seng knytt til institusjonstenesta.Solundheimen ligg på Hardbakke i Solund og har 19 sengeplassar. Heimetenesta reiser heim til heimebuande i Solund kommune som treng bistand i heimen. Me har ledige helgestillingar med arbeid 2. eller 3. kvar helg. Stillingsstorleik er 14-20 % avhengig av kor ofte du arbeidar helg. Det er mogleg å vere tilkallingsvikar i tillegg dersom dette er ynskjeleg.  Arbeidsoppgåver er mellom anna: personleg hjelp og omsorg til brukarar i og utanfor institusjon bidra til god informasjonsflyt på avdelinga vere fleksibel til også å kunne utføre andre relevante oppgåver bidra aktivt til eit positivt arbeidsmiljø Me ser etter deg som: har helsefagleg utdanning, eller er elev/student og ynskjer helgestilling, eller ikkje har utdanning, men erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim eller heimeteneste. For arbeid i heimeteneste krevst det førarkort på vanleg bil. Personlege eigenskapar: positiv, engasjert, fleksibel og med humor og godt humør er serviceinnstilt og set bebuarane sine ynskje og behov i fokus kan arbeide sjølvstendig, og god på å samarbeide Personlege eigenskapar for stillinga vert vektlagt. Vi tilbyr:  Løn i følgje tariff. God offentleg pensjonsordning. Godt arbeidsmiljø. I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga. Velkomen som søkjar!  Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.