Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar

Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
16. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ved sengeposten Psykosebehandling SNR søkjer vi ein engasjert, fagleg trygg og sjølvstendig sjukepleiar, til ei 100 % nattstilling. Som nattvakt hos oss vert du ein del av et godt fag- og arbeidsmiljø, som legg til rette for god behandling av pasientar med alvorleg psykisk liding. Vi ønsker deg som vil vere ein pådrivar i behandlinga av pasientar med psykose og vil delta i utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod. Den nyoppretta sengeposten tilby spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling.  Sengeposten Psykosebehandling SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset, og er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. I sengeposten har vi ei bredt samansatt personalgruppe, som driv både med utgreiing av psykoseproblematikk og ulik behandling (medikamenter, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming).   ArbeidsoppgåverBidra til struktur og tryggleik i pasientane sin kvardag, gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid Systematisk observasjon av psykisk tilstand, funksjon og endring, med dokumentasjon og fagleg rapportering Administrere og følge opp medikamentell behandling i tråd med gjeldande rutinar og forskrifter Vere ein del av psykiatri- og habiliteringsbyggets nattevaktsteam, med blant anna utrykning på fellesalarm Delta aktivt i dialog med andre tilsette (psykiater, lege, psykolog, sjukepleiar, helsefagarbeidar) via munnlege rapportar og journalføring for å videreføre viktig informasjon Vere med på å utvikle faglege rutinar og bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring Delta på fagdagar og anna opplæring KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskjeleg Krav om god meistring av norsk munnleg og skriftleg  Førarkort klasse B (personbil)  Personlege eigenskaparDu er fagleg sterk og engasjert i arbeidsmiljøet Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst med tverrfagleg arbeid  Du er trygg i møte med pasientar og har evne til å skape tillit  Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga   Du er positiv til nye utfordringar, omstillingsdyktig i møte med endringar og evnar å sjå løysingar  Du arbeider sjølvstendig Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.  Vi tilbyrEi spennande og meiningsfull stilling i eit fagmiljø i utvikling  Sterkt tverrfagleg samarbeid Fagdag, MAP-kurs og fagtid på dag inkludert i turnus Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Sterkt tverrfagleg samarbeid KontaktinformasjonIngunn Romundstad Innerdal, Seksjonsleder, ingunn.romundstad.innerdal@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5203651430 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.