Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Barnehagelærar - vikariat

Ringstad barnehage, Stranda kommune

Arbeidssted
STRANDA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
3. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ringstad og Helstad barnehage vart i 2024 slått saman til ei kommunal eining, Det er fortsatt to kommunale barnehagar som har felles leiing. Ringstad barnehage er lokalisert like ved Stranda ungdomsskule og Helstad barnehage ligg i Strandadalen like ved Svemorka industriområde. Ringstad barnehage har i dag 60 plassar, fordelt på 3 avdelingar. Ei småbarnsavdeling med 24 plassar (12 barn) og to avdelingar med 18 plassar på kvar. Ringstad barnehage har eit stort og variert uteområde som gir barna gode muligheiter til å utfolde seg fysisk. I tillegg til det store uteområdet disponerer barnehagen eit skogsområde med gapahuk og bålplass, samt at vi har tilgang til ei stor grusbane som er fin å bruke til ulike arrangement. Barnehagen er open måndag- fredag frå kl. 06.40 til 16.15. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale, herunder 6 mnd prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.   Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjarene har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf Offentleglova § 25.     KvalifikasjonarGodkjend utdanning som barnehagelærar Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg  Ved mangel på søkjarar med fullført barnehagelærarutdanning eller ved internt opprykk kan også andre søkjarar med relevant utdanning og/eller praksis bli vurderte  Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner, sjølvstendig og fleksibel Evne til å kommunisere, rettleie og motivere Har helse som er forenlig med ein aktiv og stabil barnehagekvardag Personlege eigenskapar vil bli vektlagt  Vi tilbyrEit godt arbeidsmiljø  Varierte arbeidsoppgåver Lønn etter tariff KontaktinformasjonSusan Aambakk Helsem, Einingsleiar, 46411130, sushel@stranda.kommune.no Hilde Langlo Brekke, Assisterande styrer, 46411844, hilbre@stranda.kommune.no ArbeidsstadHevsdalsvegen 44 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5197296596 Stillingsprosent: 50% Vikar Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 03.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.