Søkjer du faglege utfordringar, er trygg i kliniske vurderingar og ønskjer å jobbe tverrfagleg?
Ål kommune Helse- og omsorgssektoren
- Arbeidssted
- ÅL, BUSKERUD
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Me har ledig inntil 100 % fast stilling som sjukepleiar som skal jobbe på tvers ved både ved korttids- og langtidsavdelinga.
Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og ønskjer å vere med å utvikle gode helse- og omsorgstenester?
Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg. Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking?
Ønskjer du å bruke breidda i sjukepleiarfaget i møte med pasienter med varierte og samansatte behov?
Då vil me ha deg med i laget - anten du har erfaring eller du er nyutdanna - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.
Arbeidsoppgåver:
sjukepleiarfaglege prosedyrar og kliniske oppgåver.
observere, planlegge, gjennomføre og evaluere pleie og medisinsk behandling i samarbeid med kollegaer, lege, ergoterapeut og fysioterapeut.
ivareta pasientane sine behov og mål i samarbeid med pasienten sjølv og pårørande.
tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande
vere aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper
kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid
rettleie studentar, elevar og medarbeidarar
Vi ynskjer å jobbe med deg som:
har norsk autorisasjon som sjukepleiar\vernepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning (klinisk avansert, rehabilitering, geriatri, psykiatri og demens)
vil vere aktiv bidragsytar til kunnskapsbasert praksis og utvikle egen arbeidsplass
trivst med faglege utfordringar
bidreg til at brukarar blir fagleg, individuelt ivareteke og arbeider aktivt for å auke deira eigenmeistring og livskvalitet
beherskar norsk svært godt, både skriftleg og munnleg, minimum B2 - nivå.
er god på å motivere og rettleie.
evnar å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg.
bidreg til eit godt arbeidsmiljø med humor, arbeidsglede og lojalitet.
er fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
trivst med utfordringar og er løysingsorientert
Personleg eigenskapar vert tillagt stor vekt
Me tilbyr
todelt turnus (eigen nattevaktsturnus), med moglegheit for langvakter (inntil 12,5 t) og lengre friperioden
kalenderplan
fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
høgt fagleg nivå og god fagdekking
høve til fagleg og personleg utvikling.
positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
fadderordning.
rabattert pris på treningssenter.
lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, rekruttere og behaldetillegg
pensjonsordning i KLP
Om oss:
Avdeling Gjestetunet er ei aktiv korttidsavdeling som tilbyr tilrettelagd og individuell oppfølging av pasientar både innan behandling, palliasjon, demens, psykiatri og rehabilitering. Avdelinga har 16 plassar, 12,6 årsverk og har god fagdekning. Avdeling Stugu er ei sjukeheimsavdeling som tilbyr langtidsopphald til pasientar med demensdiagnose og generelle geriatriske problemstillingar. Avdelinga har 33 plassar og 32 årsverk.
Institusjonstenesta har base på Ål helsesenter som består av både fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, heimesjukepleie og omsorgsbustader . Ål legekontor, Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter.
Det blir lagt stor vekt på tilrettelagt aktivitet og gode opplevingar for bebuarane. Me har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med ein variert og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfagleg samarbeid står i fokus. Det er tett samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og sjukeheimslegen. Gjennom TØRN, jobbar vi systematisk med å få på plass fag- og sjukepleiarteam, ny oppgåvedeling og nye arbeidstidsordningar,
Politiattest og søknad
Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.