Vikar til Helsetorget, 100 % vikariat
Sogndal kommune Tildelingskontoret
- Arbeidssted
- SOGNDAL, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 28. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Har du helse- og sosialfagleg bakgrunn og lyst til å vera tett på innbyggarane våre? På Helsetorget får du vera med på laget som er det første møtepunktet for innbyggarar med behov for helse- og omsorgstenester i kommunen.
Om stillinga
Me søkjer deg som vil vera med på laget på Helsetorget, i eit 100 % vikariat organisert under Tildelingskontoret. Stillinga er ledig frå snarast og fram til 31.9.27.
Arbeidsoppgåver
Ta imot innbyggarar og svara på telefonar og e-posthenvendingar frå dei som treng hjelp eller informasjon
Gjennomføre kartlegging av hjelpebehov
Informere om søknadsprosess og tenestetilbod i kommunen
Bistå innbyggarar i søknadsprosessar, registrere søknader og opprette saker i fagsystem
Dele ansvar for støttekontaktordninga ved fråvær og ferieavvikling, mellom anna ta imot og føre timelister
Jobbe med velferdsteknologi og digital oppfølging av innbyggarar
Bidra i sakshandsaming ved behov og delta på sakshandsamingsmøte
Erfaring og kompetanse
Bachelor i helse- og sosialfag
Relevant arbeidserfaring frå fagfeltet
Erfaring med koordinering, planlegging eller oppfølging av arbeidsoppgåver
God digital kompetanse og erfaring med relevante fagsystem
Dette er ein fordel om du har
Erfaring med kartlegging og sakshandsaming, gjerne innan helse- og omsorgstenester
Kjennskap til kommunal sakshandsaming og relevant lovverk, til dømes helse- og omsorgstenestelova, pasient- og brukarrettigheitslova og forvaltningslova
Erfaring frå tildelingskontor, forvaltningseining eller liknande
Kven ser me etter?
Me ser etter en positiv, målretta og strukturert person som trivst med å arbeide sjølvstendig og som handterer både uforutsigbare situsjonar og komplekse problemstillingar. Du er fleksibel og open for nye måtar å jobbe på, og møter endringar med nysgjerrigheit og engasjement.
Du har god relasjonskompetanse, kommuniserer godt med kollegaer, andre tenester, brukarar og pårørande. Du evnar å sjå heilskapen, bidrar til tverrfagleg samarbeid og byggje gode relasjonar. Samstundes er du tolmodig, audmjuk og reflektert, og du tør å tenkje nytt når arbeidskvardagen krev det. Du har også god digital kompetanse og evne til å nytte digitale løysingar på en effektiv og brukarvenleg måte.
Me tilbyr
Ei stilling der du er med og formar innhaldet i ei teneste under utvikling
Ein arbeidsplass midt i arbeidet med korleis Sogndal kommune møter innbyggarane sine
Me vil behandla søknadane og gjennomføra intervju fortløpande, så me tilrår deg å søkja så snart som mogleg. Me gler oss til å høyra frå deg!
Praktisk informasjon
Stillingstype: 100 % vikariat
Arbeidsstad: Helsetorget, under Tildelingskontoret
Tilsetjingsperiode: snarast og fram til 31.9.27
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.