Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Skipsførar i 3:3 turnus

Fjord1 - Maritim Drift

Arbeidssted
AUSTRHEIM, FONNES, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
16. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi søkjer no ein skipsførar til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg. På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i ein periode på tre veker. Deretter har du tre veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bufasiliteter det døgnet ein har fri. Fjord1 dekker reisekostnader for strekningar over 30 km mellom busted og arbeidsstad. Dette gjelder ved oppstart og avslutning av arbeidsperioden, altså første og siste arbeidsdag. Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Stillinga inneber stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke drifta i det daglege. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med kollegaer både om bord og på land. I Fjord1 får du ein trygg arbeidsplass i eit selskap som tenkjer framover, eit samansveisa og støttande kollegamiljø, og ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom arbeid og fritid. Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg! Ønskjeleg med snarleg oppstart. Vi vurderer kandidatar fortløpande. ArbeidsoppgåverSom skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus. KvalifikasjonarMinimum D3-sertifikat  GMDSS/ROC-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Ferdighetssertifikat medisinsk behandling Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språk muntlig og skriftlig                                                                                                                                                                                                                                                                                                   Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskaparVi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel. Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund. Skiftordning: Døgnskift, 3 veker på og 3 veker av, byttedag mandag. Dekket reisekostnader for strekningar over 30 km mellom busted og arbeidsstad. Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår! KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no ArbeidsstedFv57 5953 Fonnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5188978979 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.