Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Kunderådgjevar kundesenter

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
7. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
3

Stillingsdetaljer

Rådgjevar lån og forsikring  Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane utviklar oss stadig for å skape den  beste kundeopplevinga. No treng vi deg på laget.   I avdelinga Direktebank  får du jobbe med kundar frå heile marknadsområdet vårt og bygge brei kompetanse innan lån, forsikring og rådgjeving. Du blir ein del av ein viktig kundekanal i banken og utviklar deg i eit miljø der læring, samarbeid og initiativ blir verdsett.  I avdelinga jobbar vi aktivt med rådgjeving, sal, kampanjar og kundeutvikling.   No søker vi tre nye rådgjevarar som vil vere med å påverke korleis vi møter kundane i framtida. To av stillingane har hovudvekt på lån og forsikring, medan den tredje er meir retta mot kundeservice.   Du vil jobbe på hovudkontoret i Førde, saman med 180 andre tilsette på huset, og ta del i det største samla finansmiljøet mellom Bergen og Ålesund.   Dette skal du jobbe med  Rådgjeving innan lån, forsikring og andre banktenester  Kartlegging av kundebehov og gode økonomiske løysingar  Kundekontakt på telefon, chat og e-post  Sal, kampanjar og kundeutvikling  Bidra til vidare utvikling av Direktebanken  Kven ser vi etter?  Du pratar lett med folk, skapar tillit og oppnår resultat. Du er løysingsorientert og ønsker å utvikle deg innan rådgjeving og sal.   Har du autorisasjon innan lån og finansiering og/eller skade- og personforsikring er det ein fordel, men ikkje eit krav. Erfaring frå bank, finans, forsikring, kundeservice eller sal er også eit pluss. Det viktigaste er likevel motivasjon og driv.   Difor skal du søke hos oss  Vi er eit spennande finanshus med breitt fagmiljø og ein offensiv strategi.  Hos oss ønskjer vi at du skal utvikle deg, og kjem du med gode initiativ er det kort veg til å sette desse i verks.   Som fast tilsett blir du automatisk medeigar i banken. Du får tildelt eigenkapitalbevis det første året etter oppstart, og vi har eit gunstig spareprogram i EK-bevis. I tillegg får du funksjonærlån med god rente, gode tilsettebetingelsar på sparing og forsikring og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter.  Klar for å bli med på utviklinga av avdelinga Direktebanken? Då håpar vi du søker.  Renate Skaar Værøy svarer gjerne på spørsmåla dine.  Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkjarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til dette.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.