Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Er du god på koordinering og klar for å ta fagleg ansvar? Bli Disiplinleiar Stålutrustning i Ulstein!

Ulstein Verft AS

Arbeidssted
ULSTEIN, ULSTEINVIK, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
18. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du ein pådrivar? Då har vi noko til felles. Ulstein er ein internasjonal og nyskapande aktør innan maritime løysingar. I over 100 år har våre medarbeidarar utvikla framtidsretta skip, design og teknologi for den globale maritime industrien. Er du klar for å bli Disiplinleiar Stål/ stålutrustning i Ulstein Verft? Her blir du fagansvarleg og ein nøkkelperson i prosjekta med ansvar for koordinering av personell og trygge kvalitet i leveransane. Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om korleis det er å jobbe i Ulstein! Oppgåver du vil jobbe medTa leiinga for ditt fagfelt i prosjektet Sikre at produksjonen leverer i tråd med spesifikasjonar – til rett tid og innanfor timeramma Koordinere aktivitetar og ressursar innanfor fagområdet i produksjonen I periodar kunne gå inn i rolla som assisterande prosjektleiar for nybygg  I periodar kunne gå inn i rolla som prosjektleiar i ettermarknadsoppdrag   Følge opp og rapportere avvik – med klare analysar og løysingsforslag Utforme endringsordrar (Change Orders) når prosjektet krev justeringar Fremme god kommunikasjon og samarbeid i prosjekta Ha kontroll på bortsett arbeid og sikre tilstrekkelig bemanning i prosjektet Vere ein viktig støttespelar for Site Team i utlandet Kunnskap og erfaring vi ser etterVi ønskjer å kome i kontakt med deg som har relevant utdanning som fagskule eller høgskule innan tekniske og maritime fag, og som har god produksjons- og teknisk forståing. Har du relevant erfaring frå leiing - og gjerne innan maritim industri vil det vere ein fordel. Du må også kunne å kommunisere både på norsk og engelsk.            Vi verdset utvikling, både fagleg og personleg, så ikkje nøl med å søkje sjølv om du ikkje oppfyller alle krava. Kvifor velje Ulstein som arbeidsplassGode utviklingsmuligheiter Interessante og varierte arbeidsoppgåver Eit godt fagleg miljø Gode pensjons- og forsikringsordningar Fleksitidsordning KontaktinformasjonStig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, 91 58 10 13 Ole Osnes Gjerde, Production Manager, 99 59 71 75 ArbeidsstadOsnesvegen 110 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS Referansenr.: 5192913456 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.