Vil du vere med og utvikle fagmiljøet ved Nav Bergen vest?
Nav Bergen vest
- Arbeidssted
- BERGEN, LODDEFJORD, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingen
Nav Bergen vest gir tenester til innbyggjarane i Fyllingsdalen og Laksevåg. Vi held til i sentrale og nyoppussa lokale på Vestkanten storsenter. Kontoret består av om lag 130 kommunale og statlege tilsette som samarbeider tett, både internt og med dei andre bydelskontora i Nav region Bergen. Hos oss blir du ein del av eit stort fagmiljø med høge ambisjonar for kvalitet, læring og gode resultat.
Vi søkjer no ein engasjert medarbeidar til ei fast stilling som fagansvarleg.
Stillinga er delt mellom fagansvar (70 %) og oppfølging av eigne brukarar (30 %). Fagansvaret omfattar heile det statlege tenesteområdet ved kontoret. Dette gir ei brei og variert rolle med gode moglegheiter til å påverke kompetanseutvikling, arbeidsprosessar og tenestekvalitet. Samstundes vil du ha ansvar for eiga brukarportefølje og bidra til at fleire kjem i arbeid, aktivitet eller utdanning.
Du blir ein av to fagansvarlege ved kontoret og vil, saman med kollegaen din, ha ei sentral rolle i fagutvikling, opplæring og kvalitetsarbeid. De vil arbeide tett saman og vere viktige støttespelarar for både leiarar og medarbeidarar.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du kan vere med og gjere ein forskjell for menneske som treng støtte på vegen vidare.
Kva går jobben ut på?planleggje og gjennomføre opplæring for nye og etablerte medarbeidarar
formidle fagstoff, regelverksendringar og nye arbeidsmåtar på ein tydeleg, engasjerande og pedagogisk måte
vere fagleg støttespelar for leiarar og kollegaer
sikre informasjonsdeling, kompetansedeling og læring på tvers av kontoret
samarbeide tett med den andre fagansvarlege, leiargruppa og regionale fagmiljø
vere pådrivar for fagleg utvikling, kvalitetsforbetring og implementering av nye arbeidsmåtar
oppfølging og rettleiing av eiga brukarportefølje
Det kan bli endringar i ansvar og arbeidsoppgåver.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha
fullført utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet
brei fagleg erfaring frå Nav sine statlege tenesteområde, og god kunnskap om relevant lovverk, sakshandsaming og arbeidsprosessar
erfaring med rettleiing og oppfølging av brukarar
evne til å formidle komplekst fagstoff på ein pedagogisk, tydeleg og engasjerande måte
svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ein fordel om du har
erfaring med opplæring, fagleg rettleiing eller kompetansedeling
erfaring med Nav sine fagsystem, og digital kompetanse som gjer at du raskt kan setje deg inn i ulike digitale system
kunnskap om Lean og prosessar for kontinuerleg forbetring
Kven er du?ein pådrivar og støttespelar
sjølvstendig
god til å samarbeide og skape engasjement for endring
trygg på å ta faglege avgjerder i krevjande situasjonar
pedagogisk og motivert av å lære opp og utvikle andre
Kvifor velje oss?ei sentral rolle med stor moglegheit til å påverke fagleg kvalitet, læring og utvikling ved kontoret
eit fagmiljø med høge ambisjonar for tenesteutvikling og gode resultat
fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og ein time trening i arbeidstida
stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgjevar. Lønsspennet er frå kr. 694 000 til 760 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
KontaktinformasjonErik Ottesen, avdelingsleder, 99037851
Ingvild Haugland, fungerende enhetsleder, 93209972
ArbeidsstedLoddefjordveien 2
5171 Loddefjord
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5191446665
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.