Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Helsesekretær/sekretær

Kirurgisk serviceseksjon Førde, Helse Førde

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
24. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Likar du ein variert arbeidskvardag der du får hjelpe både pasientar, pårørande og kollegaer? Då kan du vere den vi leitar etter. Kirurgisk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører helsesekretær- og pasientadministrative oppgåver for dei kliniske avdelingane i Kirurgisk klinikk: ØNH-/Kjeveavdeling, augeavdeling, kvinneklinikken, kirurgisk avdeling, ortopedisk avdeling, dagkirurgisk senter samt skopi- og kirurgipoliklinikken.   Vi har ledig 100 % fast stilling frå 01.01.2027 Som tilsett hos oss blir du sjukehuset sitt ansikt utad, og ofte den første kontakten pasienten har med sjukehuset. Vi ser etter deg som møter pasientar, pårørande og kollegaer med openheit og hjelpsamheit. Du vil ha ei viktig administrativ rolle i pasientforløpet og bidreg til at kvardagen fungerer godt for både pasientar og behandlarar på sjukehuset. Sjå videoen der Marielle fortel om kvardagen som helsesekretær – og kva som gir jobben hennar meining og verdi. Er du tilsett i Helse Førde og ønskjer å gjere gjeldande fortrinnsrett til stillinga, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. ArbeidsoppgåverHos oss vil du mellom anna:  svare på førespurnader frå pasientar og pårørande, både på telefon og ved fysisk oppmøte utføre bestillingar, til dømes tolk og transport  følgje opp vidare pasientforløp arbeide med timeoppsett, ventelister, fristbrot og økonomisk oppgjer registrere og dokumentere i digitale system som DIPS, Meona og CheckWare Kva kompetanse er viktig i den rolla?Autorisert helsesekretær eller helsefagarbeidar er ønskjeleg, men erfaring som sekretær/erfaring frå helsesektoren kan kompensere for formell utdanning Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Erfaring frå arbeid i sjukehus vil bli vektlagt Det er ønskjeleg med kjennskap til journalsystemet DIPS, Microsoft365, Meona og Orbit Personlege eigenskaparKva ser vi etter hos deg? du tar ansvar og arbeider sjølvstendig  du samarbeider godt og bidreg positivt i arbeidsmiljøet  du tek initiativ og ser kva som må gjerast  du klarer å prioritere og finne gode løysingar når det er travelt  du arbeider strukturert og påliteleg  du møter pasientar, pårørande og kollegaer på ein open og imøtekommande måte  du lærer nye digitale system og arbeidsmåtar raskt  Personlege eigenskapar vert vektlagde. Kvifor skal du velje oss?Hos oss får du: lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst god opplæring i arbeidsoppgåvene og dei digitale systema vi bruker  ein variert arbeidskvardag i eit fagmiljø med mange ulike oppgåver  kollegaer som samarbeider godt og tek vare på kvarandre, også når det er travelt  høve til fagleg utvikling gjennom kompetanseplanar, fagdagar og kurs  gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonGitta Sas, Seksjonsleiar, +47 482 33 391 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5207643175 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 24.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.