Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Barnehagelærar, i inntil 100% vikar

Gulen kommune

Arbeidssted
GULEN, BYRKNESØY, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
4. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillinga Det er ledig i inntil 100% vikariat som barnehagelærar, for tida ved eining Byrknes barnehage og skule, frå rundt midten av desember og ut april 2027. Det kan verte aktuelt med noko forlenging av vikariatet.   Gulen kommune søkjer ein engasjert barnehagelærar med fagleg god kompetanse og eit stort hjarte for barn. Me legg vekt på at barn skal møte trygge og kompetente vaksne som gir barna ein god start på vegen vidare i livet. Ynskjer du å gi barn i barnehagen opplevingar, erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar, då må du søke stilling hjå oss.   Følg link for meir informasjon om barnehagen: Byrknes barnehage - Gulen kommune Barnehagane i Gulen har: Eit sterkt fokus på fagleg utvikling, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert verdsett Små og oversiktlege barnehagar som gir nærleik, gode relasjonar og ein trygg start for deg som er ny i yrket Eit godt, varmt og inkluderande arbeidsmiljø Rettleiing og støtte som del av arbeidskvardagen Eit godt fagleg nettverk og tett samarbeid mellom barnehagane i kommunen Arbeidsoppgåver Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde. Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drifta av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar. Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga Delta i den daglege drifta Andre oppgåver som måtte kome til Kvalifikasjonar Utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk Erfaring frå arbeid i barnehage eller anna arbeid med barn er ynskjeleg  Evne til å arbeide i tråd med barnehagen sitt samfunnsoppdrag og verdigrunnlag  Grunnleggjande digital kompetanse Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling Personlege eigenskapar Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen Du tek initiativ og er aktivt med i leik og kvardagsaktivitetar Du samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer Du er fleksibel, ansvarsmedviten og løysingsorientert Personlege eigenskapar vil verte lagde vekt på Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering Løn etter tariff
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.