50% avtaleheimel i hud- og veneriske sjukdomar på Voss – junior-senior avtale
Helse Vest RHF
- Arbeidssted
- STAVANGER, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
50 % avtaleheimel for godkjend spesialist i hud- og veneriske sjukdomar er ledig frå 1. april 2027, eller etter avtale, hjå hudlege Danielsen på Voss. Praksisen er lokalisert i Skulegata 11a, 5700 Voss. Praksisen nyttar Infodoc journalsystem og er tilknytt Norsk Helsenett.
Overtakinga av eksisterande praksis vil skje i tråd med reglane om seniorpolitikk - avtalt mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening, jf. §12 i rammeavtalen. Det er eit formål med seniorordninga at junior skal overta heile praksisen når senior fråtrer, seinast januar 2029. Det er ønskeleg at tida vert delt – dels som vekedagar, dels som heile veker.
Det er ein føresetnad at den som vert tildelt heimelen skal drive frå same lokalar og i nært samarbeid med noverande innehavar. Spesialisten som overtek skal avlaste spesialisten som trapper ned, og kan ikkje arbeide i praksisen ut over den avtalte arbeidstida.
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
erfaring og praksis, med vekt på erfaring som spesialist
personlege eigenskapar
innretning av praksis
samarbeid med andre
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.
ArbeidsoppgåverAvtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Avtalespesialisten skal ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Bergen HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Bergen HF. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Bergen HF også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg.
Spørsmål om praksisen kan rettast til Helge Danielsen , tlf. 91355805.
Vilkår og rammerPlassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell, når aktuell søkjar overtar heile avtaleheimelen.
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.
KontaktinformasjonTorleiv Bergland, Rådgiver, 415 33 822
ArbeidsstadKnud Holms gate 8
4005 STAVANGER
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Vest RHF
Referansenr.: 5206634092
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.04.2027
Søknadsfrist: 27.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.