Pedagogisk personell til barnehage, i inntil 100% vikariat
Gulen kommune
- Arbeidssted
- GULEN, DALSØYRA, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 17. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaGulen kommune har ledig eit vikariat i inntil 100% stilling frå snarast mogleg til midten av august 2027. Stillinga er for tida knytt til avdeling Dalsøyra barnehage i eininga Dalsøyra barnehage og skule.
Me søkjer ein barnehagelærar eller ein barne- og ungdomsarbeidar, eventuelt ein søkjar med tilsvarande relevant utdanning. Søkjarar utan relevant utdanning er òg velkomne til å søkje og kan bli vurderte dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar.
Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdelingar på Dalsøyra og i Hovden. Sjå her for meir informasjon om Dalsøyra barnehage.
Ta kontakt med kontaktpersonen i annonsen om du har spørsmål til stillinga!
Barnehagane i Gulen har: Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
Godt arbeidsmiljø
Tilbod om rettleiing
Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver Barnehagelærar
Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
Delta i den daglege drifta
Andre oppgåver som måtte kome til
Barne- og ungdomsarbeidar
Medverke til at einiga er ei god pedagogisk verksemd
Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar Barnehagelærar
Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Barne- og ungdomsarbeidar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande relevant kompetanse. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan vi vurdere søkjarar utan godkjend utdanning
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
Har evne til å sjå kvart enkelt barn, og skape gode og trygge relasjonar med borna
Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest av den som får tilbod om stillinga
Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.