Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Rettleiar 

Nav Askøy

Arbeidssted
ASKØY, KLEPPESTØ, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
2. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Ønsker du å gjere ein forskjell i menneske sine liv og fremme overgang til arbeid og aktiv deltaking i samfunnet? Bygger du gode relasjonar og er god til å samarbeide og motivere for å finne gode løysingar? Har du interesse for utvikling og offentleg forvaltning og ser dei viktige detaljane? Då kan det vere deg vi treng på Nav Askøy! Nav Askøy har to ledige faste stillingar som rettleiarar, ei i avdeling Arbeidsliv og ei i avdeling Tenesteavklaring og forvaltning. Begge stillingane inneber oppfølging av brukarar over 30 år etter regelverk for sjukepengar og arbeidsavklaringspengar. Den eine stillinga er organisert i vårt sjukefråværsteam, med oppfølging av brukarar med mål om å behalde sitt arbeid. Den andre stillinga er organisert i vårt arbeidsavklaringsteam, med oppfølging av brukarar med arbeidsavklaringspengar som enno ikkje er klar for arbeid. På Nav Askøy har vi eit svært godt arbeidsmiljø, med dedikerte og inkluderande tilsette. Vi er opptekne av kompetanseutvikling, og har frivillige sosiale grupper som løper, badar og trener yoga. Vi held til i nye, aktivitetsbaserte lokale på Kleppestø Senter, 12 minutt med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss køyrer du køfritt frå Bergen til Askøy.  Vi er 70 tilsette fordelt på 4 avdelingar. Nav Askøy er regionkontor i Region vest og vi samarbeider tett med Nav Øygarden i regionen.  Kva går jobben ut på?følge opp, kartlegge, rettleie og motivere brukarar, med helsemessige eller sosiale utfordringar, som treng bistand til å kome i arbeid eller arbeidsretta aktivitet sakshandsaming etter lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning og tiltaksforskrifta vurdering av brukarar sine behov og arbeidsevne samarbeid med helsepersonell, tiltaksbedrifter og andre aktuelle samarbeidspartar Endring i oppgåver og ansvar må kunne påreknast. Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning. erfaring frå arbeid med oppfølging av menneske erfaring frå sakshandsaming i offentleg forvaltning gode kommunikasjonsferdigheiter munnleg og skriftleg erfaring frå bruk av digitale arbeidsverktøy i arbeidet  Det er ein fordel om du har god kjennskap til samfunnsoppdraget og tenestene til Nav erfaring frå arbeidsretta rettleiing eller rekruttering erfaring frå motivasjonsarbeid Kven er du? er løysingsdyktig og har gode samarbeidsevner har god relasjonskompetanse har god evne til å arbeide sjølvstendig arbeider nøyaktig, strukturert og systematisk har høg arbeidskapasitet og god evne til å jobbe under press  Kvifor velje oss?ei meiningsfull rolle i eit viktig samfunnsoppdrag spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer moderne og helsefremmende kontorlokale (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass) fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida stillingskode 1434 som rådgivar i lønsspenn frå kr 640 000 til kr 680 000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse  Les meir om Nav som arbeidsgivar KontaktinformasjonSofie Overgaard, Avdelingsleiar Tenesteavklaring og forvaltning, 471 78 737, sofie.overgaard@nav.no Monica Sandstå Hansen, Avdelingsleiar Arbeidsliv, 986 05 892, monica.sandsta.hansen@nav.no ArbeidsstedGamle Kleppestøvegen 2 5300 Kleppestø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5193938174 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.