Lærarstillingar - vikariat
Oppvekst, Gloppen kommune
- Arbeidssted
- GLOPPEN, SANDANE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 4
Stillingsdetaljer
Vi treng vikarar i skulane våre. Det gjeld både tilkallingsvikariat og lenger oppdrag. Vi treng deg som har pedagogisk kompetanse til å vere vikar i skulane våre. Om du har eit anna yrke no, som lar seg kombinere med lærarjobb framover, så ta kontakt og søk. Fast stilling kan verte vurdert.
Dei konkrete behova no er:
Sandane skule - vikariat 100% stilling, inntil 3 månader frå slutten av november. Grunnskulelærarkompetanse er ynskjeleg.
Gloppen ungdomsskule - vikariat inntil 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Ynskjelege fag er norsk, matematikk, kroppsøving, tysk, kunst og handverk og naturfag.
Breim skule - vikariat 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Fordel med erfaring frå 1.-4. klasse og kompetanse i lese- og skriveopplæring og engelsk
Nordstranda skule - vikariat 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Ynskjeleg med faga matematikk, kroppsøving og spes.ped. Kontaktlærar.
Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og grunnskuleopplæring for vaksne. Skulane jobbar tett i lag med å skape Gloppenskulen med fokus på fagleg utvikling og eit godt og inkluderande skulemiljø. Kommunen nyttar samhandlingsmodellen Betre Tverrrfagleg insats (BTI) og prioriterar inkluderande barnehage- og skulemiljø. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Arbeidsoppgåverundervisning i grunnskulen
aktuelt med kontaktlærar for nokre av stillingane
Kvalifikasjonarpedagogisk kompetanse, men andre kan bli vurderte
gjerne undervisningserfaring
spesialpedagogisk kompetanse
kompetanse eller erfaring innan miljøarbeid
god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål
Personlege eigenskapargode personlege eigenskapar som samarbeidsevne, relasjonskompetanse, systematisk, inkluderande klasseleiing og bidrag til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyrLøn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
Variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Det må foreligge tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
KontaktinformasjonGro Larsen Hjelle, Rektor Breim skule, 90619713
Elisabeth Sunde Andenæs, Rektor Nordstranda skule, 95869279
Ragnhild Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 41803716
Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, 91331262
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875
ArbeidsstadGrandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5184545347
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.