Helsefagarbeidar
Strandebarm omsorg
- Arbeidssted
- KVAM, STRANDEBARM, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Søk jobb som helsefagarbeidar i Strandebarm omsorg!
80 % fast stilling
Stillinga er ledig frå 1. desember 2026, tiltreding etter avtale
Stillinga er i årsturnus, for tida med arbeid på dag og kveld samt arbeid 3.kvar helg
Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me held til i nytt omsorgssenter i Strandebarm.
Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen.
ArbeidsoppgåverHos oss ved Strandebarm omsorg tilbyr me tenester til brukarar i institusjon, omsorgsbolig og i heimetenesta.
Gje god omsorg, stell og pleie i høve til dagsplaner, rutinar og prosedyrar
Ivareta bebuarane sin eigenverd og sjølvstende
Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
Oppgåver knytt til pasientoppfølging
Dagleg journalføring i Gerica
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som helsefagarbeidar
Er du nyutdanna eller lærling i helsefag siste lærehalvår vert du oppmoda om å søkja
Du må kunne arbeida sjølvstendig og i team
Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2
Gode kommunikasjonsevner
Må ha førarkort på bil
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner
Fleksibel og sjølvstendig i arbeidet
Du må ha positiv innstilling
Vera serviceinnstilt, engasjert, ta ansvar og vera løysingsorientert
Vi tilbyrVariert arbeidsdagar med arbeid både inne i institusjon/omsorgsbustad og ute i heimetenesta
Gode kollegaer i eit godt fag -og arbeidsmiljø
Årsturnus med moglegheit for langvakter
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnsystem
Gode pensjons-/ forsikringsordningar
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonElisabeth Svåsand, Gruppeleiar i Strandebarm, 918 17 408
ArbeidsstadTangeråsneset 25
5630 Strandebarm
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5188986097
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 01.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.