Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Konsulent / spesialkonsulent – dokumentasjonsforvaltning

IDI - Sikkerheit og støttetenester, Vestland fylkeskommune

Arbeidssted
SOGNDAL, LEIKANGER, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
11. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Dokumentsenteret arbeider med det daglege og løpande dokumentasjonsarbeidet i Vestland fylkeskommune, og legg til rette for god journalføring- og arkiveringspraksis i heile organisasjonen. Vi driv også med rettleiing og støtte til fagavdelingane.  Vi har no ledig ei fast stilling med kontorstad i våre moderne og funksjonelle lokale på Leikanger. Som medarbeidar i dokumentsenteret blir du del av eit stort fagmiljø, og du får bidra til openheit, kvalitet og tillit i den fylkeskommunale forvaltninga. Dokumentsenteret er i utvikling, og vi arbeider kontinuerleg med å tilpasse oss nye behov, teknologi og arbeidsmåtar. Hos oss får du derfor ein variert arbeidskvardag, der du både bidreg i den daglege drifta og får vere med på å vidareutvikle tenestene våre. Vi ser etter deg som er nysgjerrig, omstillingsdyktig og som trivst med å finne gode løysingar saman med andre. Dersom du trivst med systematisk arbeid, har auge for kvalitet og ønskjer å bidra til ei profesjonell forvaltning, kan det vere nettopp deg vi er på leit etter – enten du er nyutdanna eller erfaren. Stillinga er ledig omgåande. ArbeidsoppgåverMottak og journalføring av elektronisk og digital post, samt innskanna fysisk post og anna saksdokumentasjon Kvalitetssikring og utlegging av offentleg journal på eInnsyn Brukarstøtte og bistand til saksbehandlarar Ved behov bidra med opplæring innan fagområdet og sak- og arkivsystemet Elements Bidra til utvikling og forbetring av rutinar, arbeidsprosessar og tenester Delta i utviklings- og digitaliseringsarbeid innan fagområdet Andre drifts- og utviklingsorienterte oppgåver innan eininga sine ansvarsområde Oppgåvene vil kunne variere i takt med utviklinga av dokumentsenteret og organisasjonen, og vi ser etter ein medarbeidar som ønskjer å bidra breitt og ta del i utviklinga av fagområdet. KvalifikasjonarUtdanning på bachelornivå med relevant fag-/emnesamansetjing, gjerne innan arkiv, dokumentforvaltning, IT eller administrative fag. Relevant erfaring kan etter vurdering erstatte formalkravet til utdanning God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk God digital kompetanse og systemforståing Det er ønskjeleg med kjennskap til sak- og arkivsystemet Elements Det er ønskjeleg med kjennskap til offentleg forvaltning og relevant regelverk Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: Kjenner deg igjen i verdiane open, kompetent og modig Har interesse for fagområdet og ei positiv haldning til utvikling, digitalisering og nye arbeidsmåtar Er omstillingsdyktig og trivst med ein arbeidskvardag i utvikling Har stor arbeidskapasitet, er løysingsorientert og evner å samarbeide for å oppnå felles mål Er fagleg nysgjerrig og ønskjer å dele kunnskap med kollegaer Arbeider strukturert og nøyaktig, og har auge for kvalitet Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga. Vi tilbyrHos oss får du: Gode moglegheiter for fagleg utvikling og læring Ein variert arbeidskvardag i eit fagmiljø i utvikling Høve til å påverke og vidareutvikle arbeidsprosessar og tenester Samarbeid med dyktige kollegaer i eit stort fagmiljø Løn etter avtale Stilingskode etter utdanning og etter VLFK sine retningslinjer Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar Fleksibel arbeidstid og moglegheiter for heimekontor Kontorstaden ligg i Sogndal kommune, som er omfatta av den nye ordninga for sletting av kr. 25.000 av studielånet pr. år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår. KontaktinformasjonElice B. G. Gandrudbakken, leiar for dokumentsenteret, 48 22 88 61 ArbeidsstadAskedalen 2 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5179618783 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.