Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

UX- og Interaksjonsdesigner

Statsforvalterens fellestjenester

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
24. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Engasjement
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med å forme framtidas digitale tenester for offentleg sektor? Kvar dag bruker innbyggjarar, kommunar og offentleg tilsette digitale tenester som påverkar viktige prosessar i samfunnet. No søkjer vi ein erfaren UX-/interaksjonsdesignar som vil vere med å skape betre brukaropplevingar, enklare arbeidsprosessar og meir samanhengande digitale tenester. I Statsforvaltarens fellestenester (STAF) utviklar vi digitale fellesløysingar for alle dei ti statsforvaltarane i landet. Vi ser etter deg som brenn for brukarsentrert design, som trivst i tverrfaglege team, og som ønskjer å gjere komplekse problem enkle å forstå og bruke. Dette engasjementet gir deg høve til å arbeide med heile designprosessen, frå innsikt og brukartesting til prototypar og ferdige løysingar. Du vil samarbeide tett med utviklarar, arkitektar, prosjektleiarar og fagressursar, og få høve til å påverke utviklinga av sentrale digitale tenester for offentleg sektor.  Stillinga er eit 12 månaders engasjement. Arbeidsstad er i Bergen eller Leikanger. Arbeidsstad i Oslo kan vurderast. Hos oss vert du del av eit utviklingsorientert og inkluderande miljø. Det er låg terskel for å dele tankar og idear og du vil få stor påverknad i vidareutviklinga av tenestene våre. Dette får du jobbe med Som UX-/interaksjonsdesignar får du ei sentral rolle i utviklinga av digitale tenester som skal brukast av tilsette i statsforvaltninga, kommunar og andre aktørar. Du vil vere med på å forme heilskaplege løysingar og bidra til at brukarane får enkle, intuitive og effektive digitale opplevingar.  I denne rolla vil du mellom anna:kartleggje og forstå brukarbehov, arbeidsprosessar og informasjonsflyt omsetje innsikt til brukarreiser, arbeidsflytar og digitale løysingar lage skisser, wireframes og klikkbare prototypar som grunnlag for utvikling planleggje og gjennomføre brukartesting, intervju og workshopar bidra til vidareutvikling av designsystem, designprinsipp og arbeidsmetodar identifisere felles behov og sikre samanheng på tvers av tenester og fagområde sikre at løysingane er universelt utforma og tilgjengelege for alle samarbeide tett med utviklarar, arkitektar, prosjektleiarar og fagressursar gjennom heile utviklingsløpet Andre oppgåver kan påreknast. Kvalifikasjonar Du har erfaring med å utvikle digitale tenester basert på brukarane sine behov og trivst i skjæringspunktet mellom menneske, teknologi og forretning. Du må ha:minimum treårig høgare utdanning innan relevant fagområde. Lang og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet. erfaring som UX/interaksjonsdesignar god kjennskap til brukersentrerte metoder, designprosesser og -verktøy kunnskap om universell utforming (WCAG) svært gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar Det er ein fordel om du òg har:dokumentert fagleg oppdatering, vidareutdanning eller sertifiseringar innan UX/design ei portefølje som viser arbeid med brukarsentrert design erfaring med Figma eller tilsvarande verktøy erfaring frå smidige utviklingsprosessar god teknologiforståing kunnskap om offentleg forvaltning For innplassering som seniorrådgjevar blir det lagt vekt på høg fagleg kompetanse, brei erfaring og evne til å arbeide sjølvstendig med komplekse problemstillingar. Vi søker deg somtrivst med samarbeid og kommuniserer godt med ulike fagmiljø evnar å setje deg raskt inn i komplekse problemstillingar og sjå samanhengar arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert tek initiativ og bidreg til framdrift trivst i ein kvardag der ikkje alle svara er gitte på førehand Personlege eigenskapar vert vektlagt.   Løn Stillinga er eit 12 månadars engasjement, med stillingskode 1434 rådgjevar eller stillingskode 1364 seniorrådgjevar og løn frå 692 400 til 880 000 kroner, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse. Det er seks månaders prøvetid. Vi tilbyr degMoglegheit til å arbeide med viktige samfunnsoppgåver som gjer ein forskjell for menneske Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver, med gode moglegheiter for fagleg utvikling og jamleg kompetanseheving Eit arbeidsmiljø der vi deler kompetanse og finn gode løysingar saman Ein trygg og stabil arbeidsgivar, med fleksibel arbeidstid og sommartid Moglegheit for delvis heimekontor Trening i arbeidstida Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK), med ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i landet og gunstige bustadlån Inkluderande arbeidsplass Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke som bidreg til betre oppgåveløysing. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med ulike erfaringar, perspektiv og kompetansar. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn. Slik søkjer du Søk på stillinga og last opp vitnemål og attestar. Vi ber deg hente vitnemål frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Søkjarlister Det er mogleg å be om unntak frå offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar likevel kan bli offentleggjorde, jf. offentleglova § 25. Dersom vi ikkje kan innvilge ønsket om unntak, varslar vi deg om det. Fram til søknadsfristen kan du kontakte oss utan at namnet ditt blir registrert som søkjar. Har du spørsmål?Ta gjerne kontakt med Elin Ljones på telefon 47835754 dersom du har spørsmål om stillinga eller ønskjer meir informasjon. Søknadsfrist: 24.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.