Fagansvarleg
Nav Bergen sentrum // avdeling arbeidsavklaringspenger
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Nav Bergen Sentrum søkjer ein engasjert fagansvarleg til avdeling arbeidsavklaringspengar. Stillinga er delt mellom fagansvar (50 %) og sakshandsaming og klage (50 %), og er ei sentral rolle i både fagutvikling og brukaroppfølging. Du vert ein del av ei avdeling med 15 tilsette med ansvar for sakshandsaming av arbeidsavklaringspengar (AAP) der kvalitet, faglege vurderingar og effektiv sakshandsaming står sentralt. Avdelinga har ansvar for sakshandsaming av søknader om
arbeidsavklaringspengar frå heile Bergen. Du vil difor ha ein sentral rolle i å utvikle godt samarbeid med andre einingar for å sikre heilskaplege og effektive prosessar.
Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Vi held til i moderne kontorlokale med utsikt over Store Lungegaardsvann, nært bybanen, og har over 300 engasjerte tilsette. Hos oss møter du kollegaer med ulik bakgrunn og kompetanse, sterke fagmiljø og eit arbeidsfellesskap som er oppteke av læring, samarbeid og utvikling. Saman jobbar vi for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for menneske og samfunn.
Hjå oss får du moglegheita til å bidra til kvalitet og utvikling av eit viktig fagområde i Nav, med eit viktig samfunnsoppdrag og eit sterkt fagleg fellesskap.
Kva går jobben ut på?sakshandsame i Nav sine fagsystem etter gjeldande lovverk
delta aktivt i fagmøte og halde deg oppdatert på fagområdet
sikre informasjonsdeling og kompetanseoverføring til resten av avdelinga/lokalkontora
fagleg støtte for leiar og kollegaer
vere ein pådrivar for opplæring og fagleg utvikling av våre tenester
kontakt med samarbeidspartnarar
delta i utviklingsarbeid
Nav er i stadig utvikling, så variasjon og endringar i arbeidsoppgåvene må påreknast.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha
fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
god kunnskap om regelverket for arbeidsavklaringspengar
Det er ein fordel om du har
erfaring frå sakshandsaming og rettleiing
erfaring med å bruke digitale verktøy/Nav sine fagsystem
Kven er du?ein pådrivar og støttespelar
gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement og motivasjon for endring
evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta faglege avgjersler i vanskelege saker
Kvifor velje oss?meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig arbeidsområde
eit fagmiljø som er oppteke av tenesteutvikling og ambisiøse mål
fleksitidsordning med moglegheit for hybrid arbeidskvardag og ein time trening i arbeidstida
stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgjevar. Lønsspennet er frå kr. 694 000 til 760 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
KontaktinformasjonSiv Jorunn Krakk Aga, Avdelingsleiar, 934 01 494
ArbeidsstedMøllendalsveien 8
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5174239993
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.