Tannlege
IDI-TH - Åsane klinikkområde, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- BERGEN, ULSET, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Åsane tannklinikk har ledig eit vikariat i 100% stilling som tannlege. Oppstart snarast mogleg.
Åsane tannklinikk har til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont).
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
ArbeidsoppgåverDu utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper.
Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste.
Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som tannlege
Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
Godkjend politiattest
Personlege eigenskaparDu likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.
Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.
Vi tilbyrEin meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,-
Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar
KontaktinformasjonMartine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar, 90036717, martine.aksnes-aarlie@vlfk.no
ArbeidsstadÅsane Senter 52
5116 Ulset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5079727190
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 20.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.