Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Nattevakt - Helsefagarbeidar 

Bjørgvin DPS/ C1 Tertnes døgnbehandling, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, TERTNES, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
10. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du jobbe innan psykisk helsevern?  Ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), C1 Tertnes døgnbehandling, har vi ledig ei fast 40% stilling som helsefagarbeidar på natt, med oppstart frå januar 2027 eller etter avtale. C1 er ein open allmennpsykiatrisk døgnpost med 15 sengeplassar. Vi tilbyr utgreiing, behandling og stabilisering til vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar. Behandlinga er tverrfagleg og tar utgangspunkt i den enkelte pasienten sine behov, ressursar og mål. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, tryggleik og god pasientbehandling står sentralt. Vi har per i dag ei turnusordning med arbeid kvar fjerde helg ved C1. ArbeidsoppgåverMiljøterapeutisk arbeid og oppfølging av pasientar med psykiske lidingar Bidra til tryggleik, stabilitet og gode rammer for pasientane under opphaldet Observere og vurdere pasientane sin psykiske og fysiske helsetilstand, og formidle relevante observasjonar til ansvarleg behandlingspersonell Delta i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasientane Utføre praktiske og pasientretta oppgåver i tråd med gjeldande rutinar og eige kompetanseområde Dokumentere helsehjelp i elektronisk pasientjournal Bidra til eit godt arbeidsmiljø og aktivt delta i kvalitets- og forbetringsarbeid KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar Erfaring frå psykisk helsevern er ønskjeleg, men ikkje eit krav Erfaring frå døgnbehandling, miljøterapeutisk arbeid eller tilsvarande pasientretta arbeid er ein fordel Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å bruke elektroniske dokumentasjonssystem Personlege eigenskaparDu er trygg, roleg og omsorgsfull i møte med menneske i krevjande livssituasjonar Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Du arbeider strukturert og ansvarsmedvite, og kan gjere sjølvstendige vurderingar innanfor eige ansvarsområde Du er fleksibel og kan handtere både føreseielege og uventa situasjonar Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet og deler kunnskap og erfaringar med kollegaer Du møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, openheit og profesjonalitet Vi tilbyrEi fast 40 % nattstilling ved Bjørgvin DPS C1 Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer Eit meiningsfylt arbeid med oppfølging og behandling av menneske med psykiske lidingar Varierte arbeidsoppgåver og høve til fagleg utvikling Opplæring og rettleiing tilpassa erfaring og kompetanse Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale Gode pensjons- og forsikringsordningar   Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonJulie Christine Løseth Silver, Ass. seksjonsleiar, 90624772 Øyvind Thomassen, Seksjonsleiar, 91810934 ArbeidsstadTertnesveien 37 5113 Tertnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5193897345 Stillingsprosent: 40% Fast Søknadsfrist: 10.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.