Sommarvikar
Medisinsk poliklinikk Lærdal sjukehus, Helse Førde
- Arbeidssted
- LÆRDAL, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 17. jan. 2027
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du ha ein variert og lærerik sommarjobb i eit triveleg fagmiljø?
Medisinsk poliklinikk ved Lærdal sjukehus har ledig eit sommervikariat i perioden 21.06.2027–22.08.2027.
Stillinga kan vere aktuell for autorisert sjukepleiar, sjukepleiarstudent, medisinstudent eller helsefagarbeidar.
Poliklinikkane tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan hjartesjukdommar, mage- og tarm sjukdommar, infusjonsbehandling, lungesjukdommar og ortopedi.
Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for kommunane i Indre Sogn. Lærdal ligg innerst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er det flott vestlandsnatur i nærleiken som kan brukast heile året. Ved fjorden er det flotte forhold for båtliv, kano/kajakk, bading, sauna og klatring.
Lærdal og nabokommunane har i løpet av sommaren fleire festivalar, mellom anna Jordeplerock, Målrock, Kom heim-festival og Fresen. Her er òg treningsstudio, kafear og kino.
Velkomen til Lærdal!
ArbeidsoppgåverPoliklinisk omsorg på alle fagområda.
KvalifikasjonarAutorisert sjukepleiar
Sjukepleiarstudentar, medisinstudentar og helsefagarbeidarar vert også oppmoda om å søkje
Erfaring frå sjukehus er ønskjeleg
Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
Erfaring med bruk av DIPS er ein fordel
Personlege eigenskaparDu har motivasjon og interesse for fagfelta
Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Du må ha evne til systematisk arbeid
Vi tilbyrVarierte og spennande arbeidsoppgåver
Opplæring
Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Trivelig arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonAnja Myklemyr, Einingsleiar Medisinsk poliklinikk, (+47) 975 38 392
ArbeidsstedSjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5201420345
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 21.06.2027
Sluttdato: 22.08.2027
Søknadsfrist: 17.01.2027
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.