Barnehagelærar i Selje
Selje barnehage, Stad kommune
- Arbeidssted
- STAD, SELJE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?
Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har no ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 04.01.2027.
Barnehagen ligg sentralt i sentrum av Selje og har eit mangfald av barn frå ulike land og kulturar. Barnehagen har tre avdelingar, Tyttebærtua, Blåklokka og Solsikka, med om lag 50 barn og 15 tilsette.
Hos oss får du vere med på å utvikle og tilpasse det pedagogiske arbeidet i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale. Barnehagen vår ligg i naturskjøne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde – ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald.
Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus!
Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg!
ArbeidsoppgåverArbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidpartnarar
Samarbeide med øvrige tilsette
Rettleiingsansvar for øvrige tilsette
KvalifikasjonarFor stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget / helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte
Personlege eigenskaparDu har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg
Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
Du har evne til å sjå det enkelte barnet
Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn
Vi tilbyrEin spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
Godt og nært fagleg samarbeid
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
KontaktinformasjonHeidi Løvold, Styrar Selje barnehage, 97 99 04 36, heidi.lovold@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5201924605
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.