Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering

Læring og meistring, Helse Førde

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
23. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi søkjer LIS i fysikalsk medisin og rehabilitering til eit års 100% vikariat ved Førde sentralsjukehus, oppstart snarast eller etter avtale. Stillinga er utan vaktordning. Også legar som ventar på LIS1-teneste er velkomne til å søkje. Er du interessert i Fysikalsk medisin og rehabilitering har vi den rette stillinga for deg. Her vil du møte eit breidt spekter av problemstillingar innan muskel- og skjelettlidingar, rehabilitering, nevrologi, smerteproblematikk og arbeidsrettet oppfølging. Du vil få høve til å følgje pasientar over tid og bidra til å gi pasientane betre funksjon, utfolding og livskvalitet etter sjukdom eller skade. Vi tilbyr spanande og utviklande stillingar med god moglegheit til å vere med og påverke dette allsidige og spanande fagfeltet si vekst og utvikling? Her er det mogleg å bidra både i sengepost, poliklinikk, gruppebasert behandling og opplæring. Våre legar går ikkje vakt. Vi har tre overlegar og ein LIS. I sengepost er det tett samarbeid i to tverrfaglege team med god dekning av alle relevante faggrupper, nevropsykolog etter tilvising. Sengeposten er samlokalisert med nevrologi. I vårt sjukehus opplever vi også at vegen til drøftingar og samarbeid med andre fagområder er kort.  Hos oss vil du oppleve tett samarbeid / oppfølging, gode moglegheiter for fagleg utvikling og ein arbeidskvardag prega av samarbeid, læring og faglig interesse. Du blir del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø og får arbeide tett med erfarne terapeutar frå ulike faggrupper. Både i klinisk arbeid, utforming av nye metodar, bruk av ny teknologi (VR), forsking og akademika har vi mykje å tilby. Det er gode sjansar for at nettopp du vil trivast godt hjå oss.  Arbeidsoppgåver og ansvar vert tilpassa di erfaring, kompetanse og faglege utvikling. Nærområde til sjukehuset har mykje å tilby innan friluftsliv, idrett, kultur og andre opplevingar. Sunnfjord har eit rikt og variert næringsliv med gode arbeids og karrieremoglegheiter.    ArbeidsoppgåverOrdinært klinisk pasientarbeid  Deltaking i fagleg utvikling Undervisning knytt til pasientopplæring og intern kompetanseutvikling KvalifikasjonarLIS i Fysikalsk medisin og rehabilitering, eventuelt annan tilgrensande spesialitet Vi søkjer legar med interesse for tverrfagleg samarbeid og erfaring frå spesialisthelsetenesta. Legar med autorisajson som ventar på LIS1-teneste Gode kommunikative og norskspråklege ferdigheiter  Personlege eigenskaparEngasjement for fagfeltet og pasientgruppa Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt Vi tilbyrVitalt arbeidsmiljø med varierte oppgåver i riktig omfang Kompetent tverrfagleg arbeidsmiljø Stillinga er utan vaktordning Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst  Gode pensjons- og forsikringsordningar  Moglegheit for fagleg utvikling Helse Førde kan vere behelpeleg med å skaffe bustad nær sjukehuset   Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAre Mikael Lillebø, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 873 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5204450409 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 23.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.